— Oppfølging av dykkarane si helse og bidrag til kunnskap om dette til den lokale helsetenesta er sentrale oppgåver for senteret, seier Kari Troland som er spesialist i klinisk nevropsykologi i ei pressemelding.

Blant anna vil ein tilby pasientskule og seminar for både dykkarar, pårørande, involverte fastlegar og spesialisthelseteneste. Senteret vil også bidra med undervisning om helseskadar og førebygging til dykkeskular og dykkeselskap.

Den store helseundersøkinga som Haukeland Universitetssjukehus utførte i 2004 avdekka til dels vesentlege helseproblem hos tidlegare nordsjødykkarar.

Nyopninga av Nasjonalt kompetansesenter for hyperbarmedisin og dykkemedisin blir markert med eit opningsseminar på Haukeland universitetssjukehus tysdag 25. mars.