NTP føreset av dobbeltsporet Bergen— Fløen er nesten ferdig finansiert i 2009, slik at det berre står 20 millionar kroner att i planperioden.

— Vi har pengar til oppstart i år, og treng om lag 200 millionar kroner på statsbudsjettet for 2009 for at dette skal gå i hop, seier regiondirektør Lars Christian Stendal i Jernbaneverket.

— Men tilseier ikkje røynslene at slike løyvingar dunstar bort?

— Eg legg til grunn at dette er vel fundert av etaten. Elles blir det eit spel for galleriet, seier Stendal.

Jernbaneverket prioriterer drift og vedlikehald i NTP-framlegget. Dei vil ha 21 milliardar kroner til drift og 17,4 milliardar til vedlikehald same kor mykje pengar politikarane vil bla opp med. Investeringar blir nærast ein salderingspost. For investeringane på Bergensbanen er dette status:

  • Bergen - Fløen er i boks så sant 200 millionar kroner kjem på 2009-budsjettet.
  • Kryssingspor i Arna er med i planen, men ryk ut dersom politikarane løyver 20 prosent mindre enn ramma.
  • Dobbeltspor gjennom Ulrikstunnelen er berre med dersom ramma blir auka med 20 prosent. Fullfinansiert med 910 millionar kroner.
  • Ringeriksbanen er inne med ei oppstartsløyving i 2019 dersom ramma vert auka 20 prosent. 450 millionar av ein kostnad på 6,8 milliardar.
  • Vossebanen er ikkje med, men nokre investeringar kan koma dersom pengar kan sparast ved prosjektfinansiering austpå.

— Dessutan ligg det inne pengar til lengre kryssingsspor både på Bergensbanen og Sørlandsbanen. Meir gods kan transporterast på lengre tog, seier Stendal.