— Dette er fantastisk. Vi er kjempeglade, sa dirigent for Ulriken janitsjar, Oddmund Hjartåker, til BT i går kveld.

— I 2001 kom vi på tolvte plass i 3. divisjon. Året etter vann vi fjerdeplassen i 2. divisjon, og i år vinn vi 1. divisjon. Ei fantastisk utvikling!

Dei 54 medlemmane mellom ti og atten år spelte seg til topps i Sandefjord, med Symphony nr. 1 av Claude T. Smith.

For innsatsen fekk dei 95 poeng, og slo dermed fjorårets vinnar, Sande og Mosserød skolekorps, med to poeng. Skjold Skoles Musikkorps kom på tredje plass.

For Ulriken er det første gong dei konkurrerer i 1. divisjon for janitsjarkorps.

— Så dette er outsidernes dag. No skal vi feire med grilling, fotball og bad.

Smørås skolemusikk hadde sin store kveld i Stavanger i går, der NM for skulekorps, brassband, vart arrangert.

Smøras vann 1. divisjon, og innkasserte totalt 94 poeng. Dermed slo dei Førre Musikkorps, som kom på andre plass, med to poeng. Manger skulemusikklag kom på tredje med 91 poeng.

Brassbanda frå Hordaland gjorde det svært bra i dei andre klassane, også. Sveio skulekorps vann 2. divisjon, mens Sunde skolekorps vart nummer to.

Og i 3. divisjon klatra Krohnengen skoles musikkorps heilt til topps.