Borgarleg samling om Ringeriksbana er viktigaste grunnen til at denne innkortinga mellom Bergen og Oslo vert røyndom såpass tidleg.

Eit samferdslelyft med fleire titals milliardar kroner ekstra vil gjera resten, anten det no vert gjennomført av Stoltenberg-regjeringa eller ei ny, borgarleg regjering etter valet hausten 2009. (Sjå grafikk).

— 20 milliardar kroner er nok til å gjennomføra opplegget for innkorting som Jernbaneverket legg til grunn. Og det burde ikkje vera noko problem å få det gjennomført før 2025, seier regiondirektør Lars Stendal i Jernbaneverket region vest.

Då er det ikkje snakk om ny banetrasé for høgfartstog. Men Stendal er mellom dei som meiner at Bergensbana kan leva godt med 4,5 timar i reisetid over fjellet, og jamvel ta passasjerar frå flytrafikken, dersom prisen er rett og tilbodet undervegs er godt nok.

I tillegg til 20 milliardar kroner skal det brukast 4,5 milliardar i same perioden på 5-6 lange kryssingsspor, for å sleppa til godstog med opptil 600 meters lengde.

Også dette vil passasjertrafikken tena på.

Også Høgre

Den borgarlege samlinga om Ringeriksbana såg vi litt av då Transportkomiteen torsdag gav innstilling til statsbudsjettet for 2009. At Venstre og KrF går for Ringeriksbana, var kjent frå før. Men til mange si overrasking slutta også Høgre seg til ei mindretalsfråsegn som oppmodar regjeringa til å skapa framdrift i arbeidet med Ringeriksbana.

Høgre har så langt tala varmt for Den Sørnorske Høgfartsringen, der Ringeriksbana ligg langt ute av leia. Men talsmann Øyvind Halleraker har i det siste sagt til både BT og andre at Høgre godt kan leva med at Ringeriksbana vert bygt.

Støttar Jernbaneverket

I fråsegna frå dei tre vert det då og understreka at Ringeriksbana kan vera startstrekning for fleire ulike høgfartsprosjekt.

Akkurat dette siste var grunnen til at Framstegspartiet ikkje slo lag med dei tre i fråsegna om Ringeriksbana. Talsmann Arne Sortevik seier til BT at partiet har Ringeriksbana som hovudprosjekt på Bergensbana innanfor Jernbaneverket sitt planprogram, som dei held seg til. Og det handlar ikkje om høgfartstog. Men der Jernbaneverket vil bruka 30 år på gjennomføringa, vil Frp gassa på og få alt unna på maks 20 år.

Oslo først

  • Vi vil utvida rammene for Nasjonal Transportplan, ha ei ordning med statlege lån til Statens vegvesen og til Jernbaneverket, og vi vil byggja opp eit infrastrukturfond med 60 milliardar for året over 5 år og øyremerkt pengane til finansiering av veg, jernbane og annan kollektivtrafikk, seier Sortevik.

På regjeringssida er SV historisk forplikta til å støtta Ringeriksbana. Det var SV som tidleg på 90-talet fekk samferdsleminister Kjell Opseth til å gå for Ringeriksbana, mot støtte til Lærdalstunnelen.

Også Arbeidarpartiet støttar Ringeriksbana. Men sentralt i partiet prioriterer dei først og fremst utbygging til dobbelspor og høgfart inn mot Oslo på dagens jernbanestrekningar.

Hva synes du om hurtigtoget til Oslo? Diskuter saken under.

SPARER EIN TIME: Ringeriksbana over Åsa mot Hønefoss får fem lange tunnelar på til saman nesten 40 kilometer. Dagstrekningane vert få og korte. Her har Jernbaneverket illustrert ein av dei, med kryssingsspor. Biletet viser landskap nord for Sundvollen, ved Steinsfjorden, som er ein arm av Tyrifjorden.