Så lang tid meiner Hordalands vegsjef Ole Chr. Torpp det vil ta å laga ny kyststamveg med ein 11 km lang tunnel frå Rådal til Os-grensa, ferje Halhjem-Tysnes og bru over Langenuen. Realisering av kyststamvegplanane sør og nord for Bjørnafjorden vil redusera reisetida i privatbil frå dagens to og ein halv time til det halve.

Hop til jul

Når parsellen Midtun-Hop opnar 17.desember i år, er Bergen klar til å ta inn endå meir trafikk frå sør. Ny innfartsåre i tunnel gjennom Løvstakken frå Danmarksplass til Fjøsanger og eit nytt toplankryss på Fjøsanger er under planlegging, og nye E 39 Os-Bergen om Rådal får anleggsstart i 2003 med parsellen Moberg-Svegatjørn.

Strekninga Svegatjørn-Rådal blir ikkje ferdig før tidlegast i 2012, sa vegsjefen på eit fellesmøte mellom formannskapa i Fitjar og Stord onsdag. Den 12 km lange distansen blir i hovudsak lagt i to tunnelløp. Pris: 1,2 milliardar kroner.

Landets lengste og høgaste bru

Over Langenuen mellom Stord og Tysnes er landets lengste hengebru under forprosjektering. Det frie spennet blir 1115 meter, brutårna blir nær 200 meter høge, nesten dobbelt så høge som på Trekantsambandets to bruer.

Tysnesbrua vil kosta 1,2 milliardar kroner. Å heva seglingshøgda frå 62 til 70 meter kostar 35 millionar kroner, å flytta høgspentlinene over sundet er kalkulert til 40 millionar kroner. Den nye E 39 over Tysnes vil kosta 800 millionar kroner. Traséane varierer i lengde frå 19 km lengst vest til 23 km via Onarheim. Det nye ferjestøet kjem mest sannsynleg på Teigland vest for Våge, opplyste vegsjef Torpp onsdag. Huglo i Stord kommune mister dagens ferjetilbod til Jektevik (Stord) og Hodnanes (Tysnes) til fordel for kabelferje eller bru til Tysnes. Ny E 39 over Langenuen og Tysnes er tidlegast ferdig i 2015, trur vegsjefen.