Mannen som budde i huset kom seg heilt uskadd ut, men huset brann ned til grunnen. Brannen vart meldt litt over klokka halv tre natt til tysdag.

Det var huseigar sjølv som varsla om brannen, opplyser politiet til bt.no. Eit fjøs like i nærleiken fekk ingen skader av husbrannen.

Politiet kjenner enno ikkje årsaka til at brannen oppstod.