Ingen kom til skade da personbilen brann opp 20 meter inne i tunnelen.

Røykutviklinga var enorm, og tjukk røyk la seg i området rundt munningen av tunnelen der brannen oppstod på Naustdal-sida. Føraren av bilen var aleine da det tok til å brenne i dashbordet inne i kupeen, men kom seg ut i friluft fra den seks kilometer lange tunnelen ved eiga hjelp.

Brannen blei meld klokka 08.20, og det blei slått full alarm med utrykning av både politi, brann-vesen og ambulansar. Røykdykkarar tok seg inn i tunnelen og sløkte brannen. Bilføraren, ein mann på veg frå Førde til Eikefjord, har forklart at det ikkje var tid til å prøve å sløkke. Bilen han køyrde, ein Toyota RAV4, er mindre enn eit år gammal.

Kort etter at sjølve bilbrannen var sløkt, søkte brannvesenet gjennom tunnelen og konstaterte at det ikkje var andre trafikantar der.

Skadestadleiar Gunnar Englund seier til bt.no at største røykutviklinga kom etter at sjølve brannen var sløkt, og vifteanlegget vart starta for å blåse tunnelen rein for den kolsvarte røyken. Rett før klokka 10 blei tunnelen og dermed riksveg 5 mellom Førde og Florø gjenopna for trafikk.

FULL FYR: Røykutviklinga var enorm då det tok til å brenne i Naustdaltunnelen. FOTO: PER MARIFJÆREN.