• Dramatisk medan det stod på.

Politiet fekk klokka ti på fem i natt melding om brann i lokala til Eras Metal i Høyanger. Tre personar var på jobb i lokala, men kom frå det heile utan skader.

Eit hol i ein smelteomn skal vera årsaka til brannen.

— Slagg hadde rent ut av omnen og ned på deler av det elektriske anlegget, slik at det tok fyr. Slagget heldt ein temperatur på mellom 1600 og 2000 grader, seier operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dei tre arbeidarane stengde gasstilføringa til bygget, og kom seg deretter raskt ut.

— Dei gjorde alt rett. Det var dramatisk medan det stod på, men heldigvis kom dei seg uskadde frå det, seier dagleg leiar ved bedrifta, Torbjørn Ylvén, til NRK.

Skadeomfanget er enno ikkje heilt kjend, men politiet opplyser at det skal vera ein del skader innvendig i fabrikken, og særleg på det elektriske anlegget.

Sløkkingsmannskap har gitt opp å halda fram arbeidet i dag, fordi det er for høg temperatur inne i bygget. Politiet vil starta gransking av hendinga i morgon.

Bedrifta som driv med attvinning av sink frå stålproduksjon er no stengd og avsperra, melder NRK.