— Båten tek inn vatn. Veret er bra, men sjøen bryt litt akkurat der ute, og vi prøver å få henta ut dei tre mennene, sa vaktsjef Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no fredag kveld.

Den eine av dei tre stod i 23.15-tida ute på skjeret, medan dei to andre mennene fortsatt var om bord.

Nokre minutt etter hadde alle dei tre kome seg over i ein annan båt, og eit tau var tatt om bord i eit forsøk på å dra sjarken av skjeret.

— Det ser ut til at det vil gå bra både med båt og mannskap, sa redningsleiar Jan Lillebøe ved Hovudredningssentralen på Sola klokka 23.40 fredag kveld.

Mennene melde sjølve frå til politiets naudtelefon om grunnstøytinga, som hende nordaust for Herland på Atløy, i eit område som går under namnet Avlaupet. Politiet fekk meldinga klokka 22.22.

— Vi har sendt redningsskøyta nedover frå Florø. Det er også fleire andre båtar i området, sa Rimmen medan redningsaksjonen pågjekk. Ingen av dei tre mennene kom til skade i grunnstøytinga. Det vart i stund vurdert å sende eit Sea King redningshelikopter frå Florø, men dette vart ikkje nødvendig. Det var stille ver i området, med litt regn og yr.

Kart: Bente Ljones