Det var to unge menn i eit turfølgje med elevar og lærarar frå Våler i Østfold som i går kveld la ut på klatretur i det svært ulendte terrenget. Det enda med at dei vart sitjande fast på ei fjellhylle.

Hoppa

Den eine av ungdommane tok sjansen og hoppa frå fjellhylla ned på ei anna hylle tre meter under. Deretter greidde han å komme seg ned, og gje beskjed om det som hadde skjedd. Turleiaren bestemte seg då for å prøve å ta seg opp til guten. Men det enda ikkje betre enn at også han gjekk seg skôrfast i det vanskelege fjellområdet. Hovudredningssentralen på Sola fekk melding om det som hadde skjedd i 22.30-tida i går. Men då var det så mørkt at dei to ikkje kunne reddast ned.

Firte seg ned

I dag tidleg vart så ei redningsgruppe med fjellklatrarar flogen inn i området med helikopter. Redningsgruppa vart sett ned på toppen av fjellet som dei to østfoldingane gjekk seg faste i. Deretter firte dei seg ned til dei to som hadde gått seg faste. Først vart den 18 år gamle eleven berga, deretter berga redningsgruppa læraren. Følgjet frå Våler var på sykkeltur langs Rallarvegen. Det var etter at sykkelturdeltakarane hadde slått leir ved Reinungavatn nokre kilometer aust for Myrdal stasjon i går, at dei to ungdommane bestemte seg for å dra på klatretur.