Mannen vart funnen forkommen fredag morgon, og seinar tatt opp med kran dei nær ti meterane med bratt elevforbygning av betong i Høyanger sentrum.

Politiet veit ikkje sikkert korleis mannen hamna ved elva. Men ut frå skadane mannen har fått, stiller dei seg tvilande til at han kan ha falle ned dei 8-9 metrane.

— Eg kan vanskeleg tru at han har ramla ned. Vi fann lommeboka hans litt bortom der han låg. Det kan vere at han har mista den og har vore uheldig i forsøket på å hente den, seier lensmannsbetent Hoffrenning til avisa Firda.

Betjenten viser til at det går ein stige ned til den steinete elvebreidda like bortom staden der 76-åringen vart funnen.

— Det kunne gått mykje verre. Elva er middels stor og gjekk tett opptil platået der mannen låg, seier Hoffrenning.