Fire ungar i 13-årsalderen sto i kveld fast på ei lita øy i ei elv i Utladalen i Øvre Årdal.

Like før klokka 21 blei dei berga i land ved hjelp av ein gummibåt. Det var mannskap frå Norsk Folkehjelp som stod for redningsaksjonen.

— Ungane er i fin form, seier operasjonsleiar Wenke Hope i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Sumde over elva

Ole-Kristian Asperheim er frivillig i Norsk Folkehjelp, og var aktiv i redningsaksjonen.

– Barna hadde vassa over, og det gjekk akkurat når dei gjekk over elva. Men når dei ville heim igjen hadde vatnet steget ein halv meter og då stod dei fast på andre sida, seier Asperheim.

Folk i nærleiken hadde høyrd at barna ropte frå øya i elva og ein av ungane hadde med seg mobiltelefon og ringde til foreldra.

Då redningsmannskapa kom til elva, hadde dei store problem med å kome seg over til ungane.

– Vi vurderte å få eit tau over, og prøvde fleire alternativ. Vi prøvde å vasse over med vadestøvlar, men det måtte vi gje opp. Så fekk vi kasta ei line over til ungane, slik at dei fekk drege over eit større tau og bundne det saman på andre sida. Så prøvde vi å gå etter tauet, men det gjekk heller ikkje, seier Asperheim.

Til slutt såg han ikkje anna råd enn symje over elva sjølv.

- Det vart ein liten kamp

– Eg batt meg fast i lina og sumde over. Det var kaldt og meir straum enn eg hadde trudd, så det vart ein liten kamp. Men i ein sånn situasjon tek ein ut litt krefter, seier Asperheim.

Etter den harde symjeturen fekk han over ei line og løypestreng til fastlandet, slik at foreldra til barna kunne hente meir klede til dei.

– Då eg kom over hadde dei stått der i to-tre timar og syntest det var litt kjøleg, seier Asperheim.

Han tok ungane med på ein tur på øya for å halde varmen.

– Eg var ikkje så varm eg heller der eg stod i våte fjellsko og våt shorts. Vi fekk firt over klede til ungane og fekk besøkje om at Sea Kingen skulle kome to timar seinare, seier Asperheim.

Såg mørkt på situasjonen

– Då såg eg mørkt på situasjonen for min eigen del, for eg hadde ikkje tørre klede.

Før Sea King-helikopteret kom, klarte redningsmannskapet å skaffe ein gummibåt.

– Vi batt båten fast i same lina som vi fekk over klede med eit tau på kvar side. Det gjekk bra, og det var veldig godt å få dei over, seier Asperheim.

Sjølv har han framleis frosten i seg etter dagens redningsdåd.

– Mens dei andre sit her i shorts, har eg tjukke klede på meg og frosten går litt i meg endå. Men vi har gjort ei god gjerning, og det er det viktigaste, seier Asperheim.

Foreldra på plass

Foreldra til ungane kom til staden, og kunne sjå over til øya der ungane sto.

Elva er stor, men veret er fint i området.

Politiet blei varsla om hendinga klokka 17.50 i ettermiddag.

bt.no kjem tilbake med meir

Siren Svortevik/porten.no
Siren Svortevik/porten.no