Også 35 år gamle Terje Arnestad blei berga opp av det iskalde vatnet. Han oppdaga at 63-åringen låg i vatnet 20-30 meter frå land, og gjekk sjølv gjennom isen då han prøvde å redde naboen.

Dei to gjekk gjennom isen ved Rygg på sørsida av Gloppefjorden. Bygda ligg berre nokre kilometer frå Sandane sentrum.

Arnestad, som gjekk gjennom isen 10-12 meter frå land, blei berga først. Det skjedde ved at naboane la ein lang stige ut på fjordisen. 35-åringen greip tak i stigen, og naboane drog deretter Arnestad inn på trygt land.

Mannsterke

Deretter blei ein båt sett ut på isen, og nokre karar greidde å føre båten ut til råka der 63-åringen då hadde lagt i det iskalde vatnet i bortimot ein halv time. Dei fekk 63-åringen frå Rygg raskt opp i båten, men vanskane var ikkje slutt med det. Båten skleid nemleg ned i holet der mannen hadde lagt, og det blei tungt arbeid for dei som stod på land å dra båten inn att. Men til alle lukke hadde naboane då fått forsterkingar frå politi og mannskap frå brannvesenet i Gloppen som hadde kome til staden.

— Det var svært tungt, ikkje minst å få båten opp av råka. Då måtte vi vere mannsterke, seier Gloppen-lensmann Nils Ove Roset til Bergens Tidende.

Etter å ha lagt ein halv time i det iskalde fjordvatnet, var 63-åringen sterkt nedkjøla og forkommen då han til slutt var berga i land.

  • Han hadde det nok ganske ille den halve timen han låg i vatnet, seier lensmannen.

Utskriven i går kveld

63-åringen blei straks send til Førde sentralsjukehus i luftambulanse. Etter å ha vore til observasjon nokre timer, vart han i går kveld utskriven og kunne reise heim att.

Politiet fekk melding om ulukka like etter halv to i går ettermiddag. Etter det Bergens Tidende kjenner til er 63-åringen ein ivrig fiskar både sommar som vinter. Det var også isfiske han skulle til med då isen gav etter under han i går.

— Dette er ein aktiv kar som er i god fysisk form. Det hjelpte han nok mykje i går, meiner lensmann Roset.

REDDA: Her vert den sterkt nedkjølte isfiskaren reddda i land, og sendt til Førde Sentralsjukehus med luftambulansen.
BJARTE ØVREBØ
Reddet: Luftambulansen var med å reddet mannen på fjordisen.
ODDLEIF LØSET