PER MARIFJÆREN

— Kvinna låg i overflata utanfor kaikanten da vi kom til staden. Vi fann ein stige og kom oss ned til vatnet, og i samarbeid med redningsdykkarane klarte vi å hente henne opp, fortel politibetjent Magne Faleide til bt.no.

Faleide var tidleg på staden, og berømmer innsatsen redningsdykkarane gjorde i denne saka.

— Dykkarbilen kom kjapt på plass da alarmen gjekk, og mannskapa var til uvurderleg hjelp, seier han.

Ifølgje Falide er det for tidleg å seie noko om bakgrunnen for at kvinna hamna i det iskalde vatnet. Dei veit heller ikkje kor lenge ho låg i vatnet.

— Saka vil bli etterforska på vanleg måte, seier han.

Tilstanden til kvinna som havna i vatnet var mandag kveld alvorleg og stabil. Ho er innlagt ved intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus.

HENTA OPP: Det var minusgrader i lufta og snø på kaikanten da kvinna hamna i fjorden ved Steinen i Førde sentrum mandag. Ho vart berga på land av politi og dykkarar og sendt til Førde sentralsjukehus. FOTO: ODDLEIV APNESETH