EYSTEIN RØSSUM

PÅL ENGESÆTER

MARIT HOLM

KEN ROSSLAND

Berg var ute på byen då det tok fyr i Sverres gate natt til søndag.

— Syster mi ringde og fortalde at det var røyk. Då eg kom bort, såg vi flammane, fortel 27-åringen, som budde i kollektiv i Sverres gate 12.

I går formiddag var ho attende på brannstaden.

— Det var trist å sjå alle tinga mine brenne. Eg reknar med at det ikkje er så mykje igjen. Det verste er alle fotografia som nok er borte, sa Berg - før formann Dag Rindedal i Bergen Brannvesen dukka opp på trappa til det brannskadde huset med hendene fulle av permar.

— Åh! Der er albuma mine! Det var kjekt!

Berg kunne konstatere at dei aller fleste fotografia var uskadde, sett bort frå litt røyklukt.

Seinare på dagen slapp ho inn i huset, der både ski, klede og bøker var øydelagt av vatn, oske og bitar frå taket som hadde ramla ned.

Slo storalarm

Klokka var ca. 03.10 då brannen vart oppdaga. Det vart slått storalarm, og Bergen Brannvesen rykte ut med alle tilgjengelege mannskap - ca. 40 mann.

— Vi sat oppe og såg på fjernsyn. Så kjende eg røyklukt. Då eg titta ut glaset, såg eg ein liten flamme slå ut av veggen i nabohuset, seier Carl Christian Nilsen, som også bur i Sverres gate 12.

Han meiner brannen må ha tatt til ikkje langt frå der han såg varmen, i andre etasje av Sverres gate 10.

Brannen spreidde seg etter kvart både til nr. 12, 8 og 6, via loft og tak.

— Vi hadde god tid til å kome oss ut. Slik sett var det ikkje spesielt dramatisk, seier Nilsen, som også var av dei første som oppdaga ein brann i same husrekkja i november i fjor. Politiet trudde denne var påtent, og ein person var ein periode sikta for brannstifting. Men det skal ikkje vere mistanke om ein samanheng med helgas storbrann.

Tre av husa tomme

Huset der brannen truleg tok til natt til laurdag var under oppussing, og stod folketomt. Det same gjaldt dei to næraste husa i retning Engen.

— Vi var meir eller mindre ferdige med oppussinga i nr. 6 og 8. I nr. 10 stod det att ein del arbeid, seier Nils-Arne Lie i Partnernett AS, som eig dei tre husa med totalt ni husvære.

Han opplyser at det var handverkarar i sving i nr. 10 på dagtid i går.

— Men kva som kan ha ført til brannen, aner eg ikkje. Politiet har sperra av dette huset, seier Lie.

Branntekniske etterforskarar tok i formiddagstimane fatt på arbeidet med å leite etter brannårsaka, men hadde ikkje konkludert i går kveld.

Ein til legevakta

Ingen kom til skade i brannen, men ein person måtte fraktast til legevakta med røyk i lungene etter å ha prøvd å sløkkje.

I alt vart 25 personar evakuert frå gata. Dei vart først frakta til rådhuset, der kommunen opna dørene og oppretta ei varmestove for brannoffera. Ut på morgonkvisten fekk dei som hadde bruk for det tilbod om å flytte inn på SAS-hotellet på Bryggen.

— Det er store brann- og vass-skader. Husa er ikkje til å bu i nå, så mykje er sikkert, sa Dag Rindedal i Bergen Brannvesen etter å ha vore inne i nr. 12 og sett på skadane.

May Linn Berg fekk innlosjere seg hos kjærasten.

— Nå må eg ut og kjøpe noko klede. Eg har berre det eg går og står i.

SPREIDDE SEG RASKT: Bergen Brannvesen rykte ut med 40 mann til brannen som råka fire ulike hus.<p/>ØRJAN DEISZ (foto)
MINNE: May Linn Berg var på byen då brannen tok til, og hadde i går formiddag berre det ho stod og gjekk i. Men av formann Dag Rindedal i brannvesenet fekk ho i det minste att det ho var aller mest redd for: Bunken med fotoalbum. <p/> <p/>ØRJAN DEISZ (foto)