Det er klart etter drøftingar mellom regjeringspartia i går kveld.

Dei tre regjeringspartia er samde om at lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar som eit minimum skal ha anestesilegar i døgnberedskap.

Med anestesilege på vakt kan sjukehuset utføre akutte oppdrag.

Ved sida av å leggje ned fødeavdelinga, har punktet om å ta vekk anestesien vore det som har skapt sterkast reaksjonar i Nordfjord.

Kritikarane har hevda at utan anestesi ville ikkje sjukehuset på Nordfjordeid vere stor anna enn ein avansert sjukeheim.

Statssekretær Tord Dale (Ap) har heile tida stått fast på at Eid-sjukehuset ikkje skal ha anestesi, men no har altså departementet og regjeringa snudd.