– Det hjelp å kjempa ein kamp, seier Henriette Matre i Aksjonsgruppa.

5000 har signert underskriftsaksjonen og 3400 medlemmar på Facebook engasjerte seg mot at Helse Fonna skulle stengja Føden ved Stord sjukehus fire veker i sommar.

– Kjempehappy

I dag blei det kjend at Helse Fonna snur. Korkje fødetilbodet på Stord eller operasjonsstova i Odda blir sommarstengd.

– Me er kjempehappy no. Når så mange engasjerte seg, trur me det må ha hatt ein form for innverknad, seier Matre til bt.no.

– Det er etter ei totalvurdering tatt avgjersle om at fødeeininga på Stord og operasjonsstova i Odda skal halde ope i ferieperioden i 2009, seier Margareth Langebro, kommunikasjonssjef i Helse Fonna.

Helseføretaket varslar derimot full gjennomgang neste år av kva pasientar og diagnosar ein skal behandla ved det einskilde sjukehus.

Klare til ny kamp

Sjukehusa i Haugesund, Odda og Stord samt Valen høyrer inn under Fonna-paraplyen.

I pressemeldinga frå Helse Fonna heiter det at «ein vil sjå dei føreslåtte tiltaka for ferieavvikling ved Stord og Odda sjukehus i ein større samanheng. Leiinga ser at det vil vere trong for endringar ved alle dei somatiske sjukehusa i føretaket grunna nasjonale føringar og helseministerens bodskap om samhandling».

Sjølv om Aksjonsgruppa kan pusta letta ut når det gjeld 2009, er damene klare til ny kamp.

– Me er klare til kamp dersom dette dukkar opp på ny, seier Matre.

VANN KAMPEN: Henriette Matre og venninna Monica Litlabø samla 3400 medlemmar i ein Facebook-aksjon for Føden på Stord. I dag jublar dei.
Lena Vermedal