• Vår generasjon har ikkje greidd å stoppa trafikkdøden. De unge må løysa dette samfunnsproblemet åleine. Oscar Ingebrigtsen (62) vekte kjensler blant 300 elevar på trafikktryggleiksdagen ved Stord yrkesskule tysdag.

Ingebrigtsen mista ein 19-årig son i ei utforkøyring på E 39 i Fitjar for fem år sidan.

— Familien kjem aldri over det. Vi stiller oss spørsmål om kvifor slikt skal skje, men får ikkje svar. Ingen ser ut til å vilja ta ansvar, merkeleg nok ser det ut til at det er akseptert at 300 menneske skal mista livet i trafikken kvart år her i landet, sa Oscar Ingebrigtsen, som utfordra ungdommen sjølv til å gripa fatt i problemet.

Ingebrigtsens bodskap avslutta ein spesiell skuledag ved yrkesskulen på Stord, der elevane fekk demonstrert bilbrann, bilkollisjon, bergingsarbeid frå ambulansepersonell, Røde Kors, brannvern og politi.

Soknediakon Øyvind Heggland informerte også om sorgarbeid i samband med dødsfall i trafikken. Etterpå leia han fakkeltenninga til minne om i alt 11 dødsoffer i trafikken i Stord og nabokommunane dei siste fem åra.

— Vi har gitt elevane eit heilskapleg inntrykk av alt som skjer i samband med ei trafikkulukke. Vi har knytt saman alle lokale bergingskrefter, seier faglærar i trafikk, Per Ove Sercan Husevik om gårsdagens trafikktryggleiksdag.

Stord yrkesskule skal laga rapport om aksjonsdagen og tilby opplegget til andre vidaregåande skular.

ALVOR: Oscar Ingebrigtsen då han snakka til yrkesskuleelevane på Stord om trafikkdød. FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR