Dersom legane etter dette ser trong for å ta blodprøve av nokon, har Gilde som arbeidsgjevar no bestemt seg for å be dei tilsette om å stille opp.

Mattilsynet vil ha alle dei vel 90 tilsette ved Terina Sogndal gjennom intervju og eventuelt vidare testar i jakta på kjelda til E.coli-smitten.

– Vi har oppmoda alle tilsette om å stille til intervju hjå bedriftshelsetenesta, seier informasjonsjef Grete Skundberg i Gilde Vest.

– Kva blir dei tilsette spurt om?

– Det går på å finne ut om dei kan ha vore i risikosonen for smitte, om dei har vore sjuke og liknande.

Mattilsynet har også gjort det klart at dei ønskjer å ta blod— og avføringsprøver av dei tilsette dersom dette skulle vise seg relevant. Dette har både dei tilsette og Gilde så langt stilt seg avvisande til.

Men no meiner Gilde at tilsette bør stille til blodprøvetaking dersom det viser seg påkravd.

– Dersom legen vurderer at nokon bør stille til blodprøve, så vil vi be dei tilsette om å stille opp, seier Skundberg.

– Kva med avføringsprøver?

– Det har ikkje vore oppe så langt, seienr informasjonssjefen.

– Det er jo bedriftshelsetenesta som må vurdere eventuelle vidare tiltak, blant anna utfrå resultata av intervjua. Dei tilsette er like opptekne som alle andre av å finne smittekjelda, men vi må også ivarta våre tilsette. Dette er ei alvorleg sak, og vi snakkar også om personvern her, seier Skundberg.

ARNE HOFSETH