Eit samla styre for helse­føretaket i Sogn og Fjordane avgjorde i går å kutte sengeposten ved nærsjukehuset. Det skjedde etter at to av dei fire representantane for dei tilsette i styret hadde prøvd å få utsett saka.

Den vanskelege økonomien i helse­føretaket er ein av grunnane til nedlegginga. Helse Førde reknar med å spare sju millionar kroner på å fjerne sengeposten, mellom anna fordi talet på tilsette kan reduserast med 19 årsverk.

Brot

Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen (V) meiner gårsdagens vedtak bryt med grunnlaget som tidlegare er lagt for sjukehusdrifta i Florø. Det var helseminister Dagfinn Høybråten som i eit føretaksmøte i 2003 avgjorde at Helse Førde skulle ha eit nærsjukehus i Florø.

– Utan senger snakkar vi om ei samling poliklinikkar, og ikkje eit nærsjukehus, seier stortingsrepresentanten som har ei fortid som direktør ved sjukehuset på Nordfjordeid.

I eit spørsmål til statsråden har han karakterisert det som ei rasering av nærsjukehuset. Han ber om svar på om departementet vil godta ei slik rasering i lys av formuleringane i Soria Moria-erklæringa om desentralisert sjukehus-struktur og at ingen lokal­sjukehus skal leggjast ned. Svaret frå Brustad kom kvelden før gårsdagens styremøte. Ho vil vurdere dette etter at styret for Hel­se Vest har hatt saka.

– Eg tolkar svaret slik at dette er ei sak som må på statsrådens bord, dersom Helse Vest sluttar seg til, seier Ludvigsen.

Styrke for lokalsjukehusa

Styreleiar Oddvard Nilsen seier at det slett ikkje er sikkert denne saka hamnar i styret for Helse Vest.

– Slik eg ser det no må det i så fall skje i samband med at Helse Vest skal ha opp budsjettet for Helse Førde, seier Nilsen.

Nedlegginga av sengeposten er blitt ei svært omstridd saka, og har mellom anna skapt sterk indre splid i Sogn og Fjordane Ap. På gårsdagens styremøte blei det knapt debatt om saka. Fleire styrerepresentantar gav uttrykk for at Sogn og Fjordane har for mange sjukehussenger, og at posten i Florø er mellom dei som må vekk om helseføretaket skal få sengetalet ned.

– Vi har eit krav hengande over oss om å redusere sengetalet. Det er ikkje med lett hjarte eg er med på dette, og eg ser at det har negative konsekvensar. Men på den andre sida er dette også med på å styrke dei andre lokalsjukehusa, sa styremedlem Jo­runn Ringstad.

Pasientflukt

Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal seier dei vil forfølgje saka inn mot styret i Helse Vest og departementet. Ho meiner saksutgreiinga inneheld fleire faktafeil, mellom anna er inntekter som skulle vore ført på Florø kome i rekneskapen for Førde sentralsjukehus.

– Vi meiner å ha dokumentasjon som vil halvere innsparingane på sju millionar, seier Steindal. Ho lovar at Flora kommune skal levere ei grundig utgreiing om saka.

– Eg trur det er dårleg økonomi i det Helse Førde no gjer. Det som har skjedd vil føre til pasientflukt. Det er slett ikkje sikkert at alle ønskjer seg til sjukehus i Førde. Det har ikkje Helse Førde kalkulert med, seier ordføraren.

oddleiv apneseth