— Vi håpar staten kan sjå på våre planar om ein privat institusjon som eit pilotprosjekt, seier leiaren i Lavik helselag, Signy Nyland, til Bergens Tidende.

Sosialminister Ingjerd Schou har sagt ja til å møte helselaget og pårørande til pasientane ved sjukeheimen. På møtet, som blir 15. mai, skal utsendingane frå Lavik lansere planen om å byggje ein institusjon med 20 sjukeheimsplassar.

Helselaget har fått utarbeidd eit prosjekt for ein heim med åtte plassar på ei skjerma avdeling, åtte langtidsplassar og fire plassar til avlasting/rehabilitering.

Kommunale midlar

Helselaget skal både finansiere bygginga av sjukeheimen, og stå for drifta.

— Ein føresetnad er at vi får overføringane som elles ville gått til kommunen. Pengane må følgje brukaren. Elles kan vi aldri klare eit slikt løft, seier Nyland.

Leiaren av Lavik helselag er svært optimistisk framfor møtet der også leiaren i sosialkomiteen på Stortinget, Jon Alvheim (Frp), og komitemedlem Magne Aarøen (KrF) skal vere med.

— Omtalen dei siste vekene har gjort at veldig mange har fatta interesse for vår sak. Sjukeheimssaka frå Lavik har blitt landskjend som døme på dårleg omsorgspolitikk i kommune-Norge, meiner Nyland.

Ikkje profitt

— Men er det realistisk å få økonomi i drifta av ein privat sjukeheim på ein så liten stad som Lavik?

— Vi skal ikkje tene pengar på å drive ein slik institusjon. Vårt mål er ikkje profitt, men å gje dei eldre eit godt tilbod. Men skal vi greie det, er vi som sagt avhengige av å ha staten med på lasset.

Planen er å rive den gamle sjukeheimen, og byggje ny på same tomten. Kommunestyret i Høyanger har vedteke å gje tomta til helselaget, dersom det blir sett i gang bygging.

Mellombels drift

Til Bergens Tidende seier Nyland at dei også håpar å få styremaktene med på mellombels sjukeheimsdrift i Lavik i byggjeperioden.

— Dersom vi får dei nødvendige avklaringar som gjer at vi kan starte bygging, ser vi føre oss ei løysing med at dei som no er på sjukeheimen får eit tilbod på helsesenteret når den private sjukeheimen står ferdig.

Dette er grunnen til at pårørande til pasientane som kommunane vil flytte til Kyrkjebø, også skal vere med på møte med sosialminister Schou og komiteleiar Alvheim.