Etter tidlegare planar skal bompengar finansiera nesten halvparten av den 6,2 milliardar kroner dyre E39 Svegatjørn-Rådal, og det dels med innkrevjing parallelt med den fire-fem år lange byggeperioden. Det er dette Søviknes no ber samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) stoppa. «For å unngå den mest utfordrende delen av bompengefinansiering», som Os-ordføraren skriv i eit notat til fagstatsråden.

Det smerter at det skal kreves inn bompenger før bilistene får nytte av den nye veien

Ordførar Terje Søviknes, Os

— Den nye regjeringa har eit anna syn på bompengefinansiering enn den forrige. Derfor skal ikkje dette forsøket stå uprøvd, seier Terje Søviknes om initiativet sitt.

Vedtak i vår

Oppstart av det lenge planlagte vegprosjektet mellom Os og Bergen har blitt utsett fleire omgangar. Og det har gått over 50 år sidan Vegvesenet første gong utgreidde den aktuelle strekninga som hovudveg mellom Bergen og Os. No er det venta at regjeringa er i sluttfasen med stortingsproposisjonen slik at Stortinget kan gi endeleg grønt lys for prosjektet i vårsesjonen. Deretter kan Statens vegvesen lysa ut anleggsarbeida på anbod.

PÅHOGG: Slik ser Vegvesenet føre seg at den nye E39 mot Bergen blir knytt til eksisterande E39 ved Moberg og Svegatjørn i Os.

— Etter vedtaket treng vi tre kvart år på oss før arbeidet kan starta, seier Vegvesenets prosjektleiar for Svegatjørn-Os, Arne Eltvik.

Etter gjeldande planar skal trafikken mellom Os og Bergen bli pålagt bompengar både i den fire år lange byggeperioden og 14 å etterpå. Neste år kjem det opp automatiske bomstasjonar på E39 ved Bahus og ved Nordvik på Fanafjellsvegen, med ein bompengesats på rundt 30 kroner for personbilar.

- Det smerter

Dersom Terje Søviknes får viljen sin overfor Samferdsledepartementet og stortingsfleirtalet, blir bompengeinnkrevjinga utsett til bilistane faktisk har nytte av nyevegen - når veganlegget er opna i 2019 eller 2020.

— Det smerter at det skal kreves inn bompenger før bilistene får nytte av den nye veien, skriv Terje Søviknes til departementet, og vedgår der at bompengefinansieringa av E39 Svegatjørn-Rådal har vore ei krevjande sak for det politiske fleirtalet Frp/Høgre i Os kommune.

Omringa av bomstasjonar

Os-ordføraren ber generelt om redusert bompengedel og auka statleg finansiering, lengre etterskotsinnkrevjing, statlege garantiar, og lokale fritaksordningar etter timesregel for folk som bur på kommunegrensa mellom Os og Bergen. Han synest Os blir omringa av vel mange bomstasjonar derson ikkje forslaget om å kutta parallellinnkrevjing går gjennom. I tillegg til bomringen i Bergen er det førehandsinnkrevjing av bompengar på ferja Halhjem-Sandvikvåg til opprusting av fylkesvegen mellom Fitjar og Sagvåg på Stord.

Søviknes har enno ikkje fått svar frå Samferdsledepartementet. Statens vegvesen har på si side nesten alt det formelle på plass for å koma i gong med prosjektet, inkludert avtalar om plassering av dei enorme mengdene med tunnelstein. Ifølgje prosjektleiar Arne Eltvik er det einaste som står att ei klagesak på reguleringsplanen i Bergen og eit godkjent utsleppsløyve frå Fylkesmannen.

Ny E39 Bergen–Os feb2014.pdf
Heidi Grotle