Frå før av er leiarane sikta for å medverka til underrapportering av fangst for ein verdi på fem millionar kroner.

— Vi kjem til å be om to vekers varetekt med brev- og besøkskontroll. Årsaka er faren for at bevis går tapt dersom nokon av dei tre blir sette fri, opplyser politiinspektør Morten Daae i Vest-Finnmark politidistrikt.

Han vil ikkje seie noko om innhaldet i den utvida siktinga.

Det er ikkje aktuelt å be om fengsling av dei to mennene som er sikta nordpå.

Den eine av dei vart sett fri i går, den andre vil bli det i løpet av dagen.

— Begge har likevel status som sikta, og vi er ikkje ferdige med å avhøyre dei. Av fleire årsaker har vi ikkje funn grunn for å framstille dei for fengsling, opplyser Daae, som er påtaleansvarleg i den veksande fiskefusk-saka.

Som BT tidligare har skrive, byrja saka å rulle i høve ein kontroll og seinare konkurs i Havøysund Fisk og Industri. Fleire personar nordpå skal vere sikta i saka, men så langt er det berre to av dei som blir knytt direkte til Ervik Havfiske.