Fylkesutvalet meiner likevel at kommunane i Nordhordland må ta ein ny runde med saka for å sjå om dei kan oppfylla nytteprinsippet på ein betre måte. I praksis betyr det ein bomstasjon på grensa mellom Lindås og Radøy i tillegg til den det er semje om å setja opp på Nordhordlandsbrua.

Leiaren i Regionrådet for Nordhordland, Masfjord-ordførar Håkon Matre, H, seier til BT at rådet vil be Vegdirektoratet om eit møte for å drøfta denne saka

Fylkeskommunen ventar deretter at ein revidert søknad kjem inn til handsaming utpå vinteren 2007-2008.

Denne tilrådinga til fylkestinget vart gjort med røystene til Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre.

Mindretalet, SV, Frp, samla seg om eit forslag som avviste prinsippet om bompengar, og som understreka det statlege ansvaret for å realisera Nordhordlandspakken.

Det beste vi kunne få

– Dette var det beste vedtaket vi kunne få, seier KrF-medlem av fylkesutvalet, Pål Kårbø, til Bergens Tidende. Kårbø er ein av dei svært få politikarane i Meland kommune som har gått inn for bompengepakken, slik han ligg føre frå representantskapet i Regionrådet for Nordhordland.

Meland har som den einaste av dei 7 kommunane i Nordhordland røysta mot pakken. Det betyr ikkje at kommunen er mot prinsippet om ein ny periode med bompengar. Men fleirtalet i kommunestyret ønskjer å snu litt om på innhaldet i pakken, og få Nyborgtunnelen i Åsane inn i Nasjonal Transportplan alt frå 2010.

Ap med rutine

Høgre, ved fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, meinte i utgangspunktet at det var viktig å få full semje i Nordhordland om bompengepakken. Han var elles redd for, slik som fylkesrådmann Paul M. Nilsen, at bompengesøknaden kunne verta avvist av Samferdsledepartementet og Stortinget.

Joril Christensen, Ap, kunne då opplysa at dagens bompengepakke og dagens nesten-semje var klarert på høgste hald i Hordaland Arbeidarparti, og at partiet sine stortingsrepresentantar frå Hordaland ville syta for at det ville gå bra med søknaden i Stortinget.

– Vi har stor rutine i å handtera slike saker, sa Joril Christensen.