Svermar av innpåslitne fluger har okkupert Valevåg-området for andre sommaren på rad. Bygdefolk slit med både appetitt og nattesøvn, og ber Sveio kommune og fagekspertisen om hjelp til å slå plageåndene tilbake.

— Det tok til i fjor og vedvarer. Sist helg var det på ny veldig plagsamt. Flugeinvasjonen er svært øydeleggjande for heile bygda, seier Hans Christian Andersen, leiar i Valestrand bygdelag. Han har sendt brev til den politiske leiinga i Sveio om problemet.

— Eg vil vita kva kommunen har gjort, kva som er status, og kva dei kan gjera for å få slutt på dette. Til no er det ingen som har kunna svara på kva som er årsak til problemet og kva som kan løysa det, seier Andersen.

Vanleg husfluge

Sveio kommune har følgt utviklinga med flugeinvasjonen i juni og juli, og har hatt kontakt med Mattilsynet, Folkehelseinstituttet og Haugaland landbruksrådgjeving. Folkehelseinstituttet har slege fast at det først og fremst er vanleg husfluge fenomenet dreier seg om i bygdesamfunnet lengst nord i Sveio.

— Vi har hatt synfaringar, seinast sist veke, og vurderer kva vi skal gjera framover, seier Sveio-rådmann Bjarne Aksnes Martinsen.

— I forhold til smitte representerer ikkje dette noko problem for folkehelsa. Men det er plagsamt når det fører til søvnmangel, og kan slik sett resultera i eit folkehelseproblem, seier rådmannen.

Ser på tiltaksplan

— Vi har tilrådd ein del tiltak som innbyggjarane kan setja i verk. Framover vil vi følgja situasjonen vidare og vurdera ein tiltaksplan mot flugeplagen, seier Aksnes Martinsen.

Kommunen har har oppmoda alle som har biologisk materiale som kan eigna seg for flugeyngling til å fylgja med, og bede folk om å sjå etter i kompost, septiktankar, spreieanlegg for kloakk, gjødselager, husdyrrom og liknande stader. Det blir frårådd å lata gjødselhaugar, grasdungar og komposthaugar liggja opne, dei bør heller spreiast eller dekkjast med mold eller kalk.

Galgenhumor

Ved nærbutikken i Valevåg er det ei blanding av galgenhumor og fortviling som rår etter ein sommar med stadige bølgjer av flugeangrep og påfølgjande svikt i omsetnaden. Den tidlegare ferjestaden Valevåg har til vanleg mange hytteturistar, men flugene har i år skremt fleire av dei bort.

Ekteparet Laila Vikse Lie og Harry Torolf Lie som i fjor overtok den då nedlagde butikken, kalkulerer handelssvikten til ein stad mellom 80.000 og 100.000 kroner.

— No er det på tide at Valevåg blir forbunde med noko positivt igjen, for det skjer jo masse bra i bygda, sukkar Laila Vikse Lie. I forretningen er insektplagen hyppig samtaletema. Flugepapir, spray og flugesmekkar er blitt mangelvare, også i omkringliggjande bygder.

I andletet, under dyna

— Det er ille, du drep femti fluger, og så er det femti nye, du får dei i andletet, i senga når du skal sova. Nei, det går ikkje an å skildra - det må opplevast, seier Harry Torolf Lie.

Før Valestrand skule tok sommarferie, var flugene eit stort problem for elevar og tilsette, også ein 4H-leir blei kraftig plaga av dei seksbeinte.

— Du får ikkje nattefred, dei er aggressive, kjem heilt oppi andletet på oss, til og med under dyna og held oss vakne tre-fire gonger for natta. Eg har aldri opplevd maken, det går rett og slett på helsa laus. No må kjernen til problemet finnast slik at vi blir kvitt det, seier Hans Christian Andersen i Valestrand bygdelag.