— Vi etterforskar saka breidt. Alle spor som vart funne måndag, blir analysert og vi arbeider vidare med avhøyra, seier politifullmektig Lars Fykse ved Voss lensmannskontor til Bergens Tidende.

Analyserer spor

Av omsyn til etterforskinga vil ikkje Fykse opplysa kva slags spor politiet har sikra i og rundt hotellet. Lensmannskontoret fekk assistanse av kriminalteknikarar og sporhund frå Hordaland politidistrikt. Hunden hadde etter måten gode arbeidstilhøve, ettersom det var liten trafikk i området så seint på natta.

Nattevakt Arne Ukvitne (63), som med løpet av eit handvåpen mot magen vart pressa inn i eit rom bak resepsjonen, teipa og bunden på hender og føter, fortel til Bergens Tidende at ransmannen var kledd i svart frå topp til tå. Også sko og hanskar var svarte.

Har nokon sett noko?

Lars Fykse ynskjer ikkje å opplysa om ransmannen på noko tidspunkt kan ha teke av seg hanskane og etterlete seg fingeravtrykk. Heller ikkje om det er funne DNA-spor. Men han indikerer at spor er funne, og at desse er til analyse.

— No vil vi gjerne ha hjelp frå publikum i det vidare arbeidet. Vi er interessert i alle slags observasjonar på Voss denne natta, og særleg i tidsrommet mellom klokka 03 og 04, seier Fykse til Bergens Tidende.