— Vi har sagt til våre streikevakter at når det kjem sjåførar skal dei dela ut løpesedlar som rein informasjon, seier nestleiar i Bergen Hotell- og restaurantarbeiderforbund, Reidar Stormark.

På løpesedlane sjåførane får utdelt er det sitat frå NTB-intervju med leiarane for Norsk Transportarbeiderforening, Norsk Nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) og Norsk Kjemisk forbund. Til saman organiserar desse dei fleste sjåførane som leverar varer til hotella. Forbundsleiarane råder i intervjua sine medlemmer om å snu i møte med dei streikande.

Ulovleg oppfordring

No reknar streikeleiinga i Bergen med at dei ikkje kan skuldast for lovbrot.

Forbundet endra praksis etter at landets fremste arbeidsrettsjurist, professor Henning Jakhelln, i gårsdagens BT kom med si tolking av arbeidsretten. I følgje Jakhelln bryt streikande hotellarbeidarar med lova, når dei oppfordrar vareleverandørar om å snu i solidaritet.

Usamd med Jakhelln

Saka vart i går diskutert av forbundsleiinga i fleire LO-forbund. Lite tyder på at støtten frå LO-familien til dei streikande hotellarbeidarane vil blir mindre etter dette.

— Vi er heilt usamd i den tolkinga Jakhelln her gjer. Det er ikkje deira (sjåførar organisert i NNN. red.mrk.) jobb å byrje å krangle med dei streikande, seier informasjonsansvarleg Jo Hestnes i Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbundet (NNN).

På linje med dei andre i LO peikar han på at denne forma for solidaritet LO-forbund i mellom ikkje er noko nytt, men ein praksis som har vore i ei rekkje liknande konfliktar tidlegare år.

— Så det at Jakhelln kjem med dette no er merkeleg, seier Hestnes.