– Vi gjer unna den offisielle opninga no, uansett vêr og føre. Så er vi klare for sesongen så snart snøen kjem, seier marknadssjef Per Berge.

Ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik står for den høgtidlege handlinga. Og så går turen til fjells – i sofakroken.

– Er det ikkje nok snø til å stå på ski ned att, blir det nedtur også – med stolheisen, lovar Berge.

Deretter byr han på mat ute, om veret er fint, i telt, eller inne i etasjen under Myrkdalsstovo.

Etter ei festleg samkome for innbedne, blir det fyrverkeri når det mørknar, og deretter After Ski for alle med karane i Finn Erix i Myrkdalsstovo.

SOFAHEIS: Dei siste setene på den store stolheisen er no på plass i Myrkdalen.
Arne Hofseth
Arne Hofseth