• No må fylkespolitikarane ordna opp i ugreia mellom bussane frå Askøy til Bergen og snøggbåten «Snarveien» til BNR. Vi vil ikkje missa Snarveien.

— Eg pendlar sjølv dagleg med «Snarveien» mellom Kleppestø og Bergen, seier Ap-politikar Torild Vebenstad. I politikken er ho Arbeidarpartiet si talskvinne i samferdsleutvalet, som har møte i dag.

«Ugreia» går ut på at HSD frå måndag 15. august tok til å køyra bussar kvart kvarter mellom Askøy og Bergen om morgonen frå 7 til 9, og kvart kvarter heim att frå 15 til 16.

Trygve Tønnesen i BNR, som driv «Snarveien», fortel til BT at dei hadde markert nedgang i talet på passasjerar både måndag og tysdag.

— Eg vil ta opp denne saka i samferdsleutvalet i dag og høyra kva fylkeskommunen kan gjera. Eg vil og be om at vi får innsyn i avtalen mellom BNR og fylkeskommunen om drifta av «Snarveien», seier Vebenstad til Bergens Tidende.

Fylgde spelereglane

BNR overtok drifta av snøggbåtruta Kleppestø-Bergen frå 1. april i år etter at dei vann over HSD i anbodskonkurransen.

Samferdslesjef Magnus Vestrheim understrekar overfor BT at HSD Buss har fylgt spelereglane i denne saka. Selskapet har etter avtalen med fylket lov til å gjera endringar i rutetilbodet, berre det vert varsla minst ein månad i førevegen. Og det har HSD Buss gjort.

— Vi bad dei likevel om å utsetja ruteendringa for å få tid til å vurdera om endringa verkeleg førde til auka kvalitet i det samla kollektivtilbodet, slik kravet er etter kvalitetsavtalen. HSD avslo å utsetja med den grunngjeving at rutehefta var trykte, skiftordningar og turnusar var alt sette opp. Dette tar vi til orientering. Eg skal likevel gje HSD eit svar attende, men først vil eg høyra om det kjem fram ei meining i samferdsleutvalet i dag, seier Magnus Vestrheim til BT.

På eigen kostnad

Viseadministrerande direktør i HSD Buss, Frank Aadland, har ei kjensle av at selskapet har fått ei skurkerolle i denne saka.

— Når vi startar med kvarterbussar no, heng det saman med at Askøybrua snart vert gratis, på same måte som Nordhordlandsbrua. Og fylkeskommunen arbeider som kjent med tiltak for å styrkja kollektivtrafikken over bruene til Bergen. I HSD Buss køyrer vi kvartersbussane på eigen kostnad og risiko, utan at det kostar fylkeskommunen noko som helst, seier Frank Aadland.

Uvisst for «Snarveien»

Trygve Tønnesen ser med uro på utviklinga.

— Dersom nedgangen i passasjertalet held fram, har eg valet mellom å setja inn ein mindre og billegare båt, køyra færre turar eller kutta ut laurdagsrutene, seier Tønnesen til BT.

— Du kan vel og søkja fylket om støtte?

— Etter avtalen med fylket får eg 250.000 kroner i året, og det skal indeksregulerast. Med det passasjertalet eg hadde, kunne eg drive båten utan støtte. No må eg kanskje ta til å rekna på om eg treng meir støtte enn det som er avtalt neste år.