— For innbyggjarane i Sunnhordland er det svært viktig at Stord sjukehus har ein akuttberedskap både i høve til traumebehandling og fødetilbod, skriv Helseutvalet i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Rådet som består av ordførarar og rådmenn frå Stord, Fitjar, Tysnes, Etne, Kvinnherad og Bømlo meiner det er viktig at Helse Fonna tek omsyn til lang reisetid for kvinnheringar og tysnesingar når styret i morgon skal handsama Plan somatikk og tilhøyrande konsekvensutgreiing.

- Tid som kvalitetsfaktor

Administrasjonen i Helse Fonna har kome med framlegg om å flytta større mageoperasjonar frå Stord til Haugesund samt at den akuttkirurgiske praksisen ved Stord sjukehus skal vurderast innan 2012.

Tillitsvalde og legar ved Stord sjukehus har gått hardt ut mot ei konsekvensutgreiing som legg opp til overflytting av all blautvevskirurgi til Haugesund. Dei meiner dette vil svekkja akuttilbodet til befolkninga i Sunnhordland, slik bt.no omtalte førre veke.

— Det er viktig å leggja vekt på tid som ein kvalitetsfaktor, og at det ikkje er tida mellom Stord sjukehus og Haugesund sjukehus som er avgjerande, men transport til dømes frå Kvinnherad og Tysnes, skriv Helseutvalet i brevet til styret i Helse Fonna.

Kvinnheringane og tysnesingane nyttar alt i dag både sjukebil og ambulansebåt for å koma seg til sjukehus, og vil få inntil ein time ekstra reiseveg om dei blir overførde til Haugesund.

- Går ut over fødeavdelinga

Helseutvalet ber dessutan om at grunnlaget for Stord sjukehus som utdanningsinstitusjon må haldast oppe.

— Dette er viktig i høve til rekruttering av fagpersonell til helseføretaket, skriv helseutvalet.

Henriette Matre Hagenes har tidlegare kjempa for fødetilbodet ved Stord sjukehus. No er ho aktiv i Aksjonsgruppa «Ta vare på lokalsjukehuset vårt» som har 5000 medlemmar på Facebook.

Gjennom lokalavisa Sunnhordland har ho oppmoda sunnhordlendingar om å stilla mannsterke på styremøtet på Scandic Hotell i Haugesund i morgon.

— Tek ein vekk mage- og bukkompetansen frå Stord sjukehus, står ein utan høve til å ta keisarsnitt. Utgreiinga i samband med Plan somatikk går difor ut over fødeavdelinga, seier Henriette Matre til avisa.

Kommentarar? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!