Rådet set no si lit til at eit fleirtal i Stortinget får pengane inn på budsjettet i dei komande forhandlingane. Dei forventar at Stortingsfleirtalet fyljer opp sine eigne føresetnader, og løyver dei 50 millionane som skal til for å få prosjektet i gang.

Jondalstunnelen treng «overgangsmidlane» i 2005, understrekar Hardangerrådet.

Regionen forventar at tunnelen får statsløyving etter «Overgangsordning for store fylkesveganlegg». Denne ordninga vart innført for å finansiera anlegg som var planlagt då ordninga med øyremerka tilskot vart fjerna. Overgangsordninga skal etter planen berre vara ut 2005. Dermed går toget no, om ikkje pengane kjem inn på budsjettet i haust, eller overgangsperioden vert forlenga.

Hardangerrådet poengterer at Jondalstunnelen har mykje å seia for utviklinga i Hardanger og Kvinnherad. Den store lokale innsatsen i finansieringa medførar statleg medfinansiering på under ti prosent. Arbeidet med Jondalstunnelen har hatt brei støtte og god drahjelp av politikarane i kommunar, region, fylke og Storting til å koma så nær målet prosjektet som i dag.