Rovviltansvarleg for Statens Naturoppsyn i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf, ber folk som ferdast i fjellet melde frå om dei ser spor eller finn drepne dyr.

– Vi kan ikkje sjå bort frå at det vil kome fleire bjørnebesøk, seier han til Firda.

I fjor blei ein ungbjørn skoten i Fjærland. Det var den første bjørnen som blei felt i Sogn og Fjordane sidan 1956. Dei siste åra har det vore fleire bjørneobservasjonar i fylket, men det er uvisst om ungbjørnen som måtte bøte med livet på Vetlebreen mellom Jølster og Fjærland er den einaste som var på besøk.

Golf viser til at bjørnebestanden i aust har auka, ikkje minst i Sverige. Dette kan få konsekvensar for Vestlandet.

– Unge hannbjørnar vandrar vidt etter nye leveområde. Kjem det nye dyr hit, vil det vere hannbjørnar som streifar åleine, seier han.

MEIR BJØRN: - Vi kan ikkje sjå bort frå at det vil kome fleire bjørnebesøk, seier Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn. Bilete frå Vassfaret bjørnepark.
Arne Hofseth