På gårsdagens pressekonferanse opplyste politiet at dei så langt har avhøyrt rundt 90 personar. Mellom dei mange som har vore inne til avhøyr, er ei rekkje elevar ved folkehøgskulen.

— Men vi har ikkje hatt alle elevane inne til avhøyr, seier utrykningsleiar Asbjørn Hansen i Kripos.

Avhøyra heldt fram utover kvelden i går. I alt 12 lokale politifolk og seks etterforskarar frå Kripos arbeider no med saka.

Politiet hadde i går ettermiddag fått inn i overkant av 50 tips, mange frå personar som var i sentrum den aktuelle natta. Kripos-etterforskar Hansen karakteriserte informasjonsflyten hittil som grei.

Politiet er nøye med å understreke at dei ønskjer kontakt med alle personar som var i sentrumsområdet natt til sist torsdag.

— Vi ber om at alle som kan ha sett Hedda Karterudseter denne natta å melde seg. I særleg grad gjeld det personar som har vore i området frå Meieriet til folkehøgskulen etter klokka 01.15, seier lensmann Olav Borlaug.

Den drepne 19-åringen var kledd i ei blå dongerikåpe, ein kvit og turkis genser og mørke bukser.

Politiet har oppretta ein eigen tipstelefon. Nummeret er 57 62 92 53.