— Eg meiner at lokale Høgre-kandidatar bør gå til val på kravet om færre kommunar, seier statsråd Liv Signe Navarsete (Sp) til bt.no.

— Kvifor er det berre Erna Solberg og Høgres byrådsleiar i Oslo som skrik om dette, når lokale kandidatar frå partiet ikkje vil?, spør ho.

- Underleg

— Eg høyrer ikkje ein einaste ordførarkandidat frå Høgre som krev færre og meir lønsame kommunar, slik toppane i Oslo talar så varm om. Som kommunal- og regionminister veit eg at det er 36 kommunar der Høgre sit med makta, som kan vere aktuelle for samanslåing med naboen. Og dei skal få all den hjelpa og den stønaden dei har krav på frå departementet, om dei ber om det. Men til no har det vore heilt tyst frå Høgre i desse kommunane, legg Navarsete til.

- Er du og kome til at det kan vera smart å slå saman små og veike kommunar?

— Eg er slett ikkje sikker på at det er svaret, men det er tydelegvis Høgre. Då finn eg det underleg at dei lokalpolitikarane som sit med ansvaret rundt om i distrikts-Høgre ikkje meiner det same som partiet deira sentralt.

Tenkje nytt, igjen

Måndag presenterte Navarsete eit debattopplegg om Motmakt og regional utvikling. Dette skal gå inn som ein del av arbeidet med den stortingsmeldinga ho skal leggja fram neste år.

— Sist de forsøkte kokte heile regionmeldinga bort i kålen, det vart knapt endringar i korleis Norge er organisert. Kva kjem du med denne gongen?

— Vi må tenkje nytt, sjå på korleis vi organiserer forvaltninga av landet vårt på. Når det ikkje kom store endringar sist, så var ikkje det Senterpartiet si skuld. Men vi fekk overførd store delar av vegnettet til fylka, og eg tenkjer meir i den retning. Vi må uansett styrkja regionane og dei miljøa som lever og verker utanfor hovudstaden.

— For utviklinga i Norge må ikkje bli styrt av ei avgrensa gruppe menneske og institusjonar som berre kjenner ein liten del av landet vårt. Dei har en lei tendens til å berre sjå utover, med sin ståstad i Oslo, meiner Liv Signe Navarsete.

Kva meiner du? Sei di mening her!