I Flora er det stor irritasjon etter at det blei kjent at Forsvaret har kasta seg inn i kampen om å få drive den nye redningshelikopterbasen på Vestlandet. I følgje avisa Firda skal Forsvaret nyleg ha teke kontakt med Justisdepartementet, og uttrykt interesse for å drive den nye basen dei gjennom fleire år var ein konsekvent motstandar av.

— Med den forhistoria denne saka har, veit eg ikkje heilt om eg kan stole på dei, kommenterer ordførar i Flora, Bente Frøyen Steindal.

Ti år lang strid

Det er ti år sidan eit stortingsoppnemnd utval (Fostervoll-utvalet) gjekk gjennom redningshelikoptertenesta, og konkluderte med at det burde plasserast eit redningshelikopter i Florø. Basen skal styrke beredskap og redningsinnsats i Sogn og Fjordane og delar av Hordaland og Møre og Romsdal, der utrykkingstida frå dei eksisterande basane på Sola og Ørlandet er for lang. Omfattande fiskeri, og den store oljeaktiviteten i denne delen av Nordsjøen, var også viktig.

Forsvaret hadde andre prioriteringar, men tapte sin kompromisslause kamp då Stortinget vedtok at den nye basen skal vere operativ frå 1. januar 2009. Som den einaste på fastlandet skal basen i Sunnfjord drivast av ein sivil operatør. Sunnfjordselskapet Airlift har i dag beredskapstenesta på Svalbard, men 330-skvadronen i Luftforsvaret driv Banak, Bodø, Ørlandet, Sola og Rygge.

Konkurranse

Det nye innspelet frå Forsvaret kjem like før det var venta at anbodspapira skulle sendast ut. Justisdepartementet har sjølv stadfesta at Forsvaret «har vist interesse for Florøbasen» overfor stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).

— Eg trur Forsvaret fryktar at ein sivil aktør kan drive betre enn dei greier på basane sine, meiner Frøyen Steindal.

Stortingsrepresentant Reidar Sandal (Ap) har følgt redningshelikoptersaka over mange år. Han seier det i stortingsmiljøet i hovudstaden ei tid har gått rykte om at Forsvaret har kontakta departementet og kome med eit utspel.

— Det vi ser er kjende tonar. Forsvaret har kjempa mot denne basen i årevis. Eg trudde likevel dei ville vere i stand til å respektere lovleg fatta vedtak, i dette tilfellet at Stortinget har bestemt at det skal vere ein sivil base i Florø der drifta skal ut på anbod.

Dårlegast dekning

Sandal utelukkar ikkje at det som ligg under er frykt for at basane 330-skvadronen driv kan bli konkurranseutsette, om Florø blir ein suksess.

— Eitt eller anna må det i alle fall vere dei er redde for, sidan dei så systematisk over så lang tid har prøvd å hindre sivil base i Florø. Når dei gong etter gong yppar til strid, kan det vere grunn til å tru at noko slikt ligg i botnen, seier Sandal.

Ap-politikaren seier det viktigaste med denne saka er at området lengst nord på Vestlandet, som har klart dårlegaste dekning av redningstenesta, gjennom basen i Florø får eit tilbod på lik linje med resten av landet.

— Ein ny runde med Forsvaret vil etter mitt syn føre til at framdrifta for basen kjem til å bli sett under press, seier Sandal.

Bergens Tidende