• Førdes iver etter å gå raskt fram med kommunesamanslåinga provoserer mange innbyggjarar og politikarar i nabokommunane, seier Jan Herstad (Sp).

— Ver meir tolmodig, og la oss få tida vi treng, sier han til avisa Firda.

Naustdal-ordføraren rettar no ein appell til storebroren i den eventuelle nye kommuneeininga om å la Gaular, Jølster og hans eigen kommune få den tida dei treng til å gjere seg opp ei meining på eigne premissar, skriv Firda.

— Førde bør hugse på at det er ein langt tyngre debatt i småkommunane som først og fremst risikerer å gi frå seg funksjonar ved ei samanslåing, seier Herstad til avisa.