I ein intern e-post frå 2. oktober skriv Helse Førde-direktør Jon Bolstad blant anna at førsteprioritet no er « (...) å stoppe inntak av pasientar frå Sogn og Fjordane på ortopediklinikken og fylle alle lister med eksterne pasientar. Det er nok pasientar, pluss at dette gir de berømte merinntektene.»

— Med dette tar Helse Førde ifrå dei lokale pasientane den lovfesta retten til fritt sjukehusval, meiner Rune J. Skjælaaen, som i går bad helse- og omsorgsdepartementet om å sjå på saka.

- Ei fallitterklæring

Skjælaaen er nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget og helsepolitisk talsmann i Senterpartiet. Han reagerer sterkt på den interne e-posten han har fått tilgang til. I går overleverte han dokumentet til statssekretær Vegard Harsvik i helse- og omsorgsdepartementet.

— Slik eg ser det, legg direktøren opp til å behandle pasientane utfrå økonomiske omsyn og ikkje utfrå ei medisinsk vurdering av kvar einskild pasient, seier Skjælaaen til Bergens Tidende.

— Eg vil vite om departementet synes denne praksisen er akseptabel.

Han meiner ei slik geografisk og økonomisk prioritering av pasientane ikkje er i tråd med lov om fritt sjukehusval som kom i 2001. E-posten er stila til direktøren for kirurgisk klininikk, som har sendt den vidare til leiinga ved avdeling for ortopedi ved Lærdal sjukehus.

— Innhaldet i denne e-posten er ikkje akseptabelt i det heile. Skulle leiinga i Helse Førde ha kome på betre tankar i det nye året, så er det bra, seier Skjælaaen.

— Dersom pasientar frå nærområdet i ein slik situasjon blir nekta å bruke sitt eige lokalsjukehus, er det ei fallitterklæring. Eg reagerer på at finansieringssystemet opnar for denne typen prioriteringar.

LOVFESTA RETT:- Helse Førde fråtek deilokale pasientane denlovfesta retten til frittsjukehusval, seier RuneSkjælaaen (Sp).