— KrF vil få eit alvorleg tilbakeslag i heile Hordaland dersom ikkje partiet no tek ansvar og syter for at Hardangerbrua får klarsignal i regjeringa og Stortinget denne våren!

Åtvaringa kjem frå KrF-politikaren Bjarte Tolaas som er styremedlem i bruselskapet. Han er engsteleg for at det endelege bruvedtaket blir utsett, ettersom Samferdselsdepartementet krev nye konsekvensutgreiingar om m.a. tilførselsvegar.

Saman med sentrale KrF-politikarar har Bjarte Tolaas på si side sett i gang ein påverknadsprosess mot både regjeringa og samferdselsnemnda i Stortinget for å unngå at saka blir trenert.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) opplyser til BT at ho har bedt om eit møte med statsminister Kjell Magne Bondevik for å leggja inn eit godt ord om brua. Ho planlegg å dra til Oslo saman med ordførarane frå dei sju kommunane som står bak bruprosjektet. Mellom dei er bergensordføraren Herman Friele.

- Venstre lunken

— Alt som trengst ligg på bordet. Finansieringa er avklart, og eg forstår ikkje kva statsråd Torild Skogsholm er ute etter. Eg har mistanke om at ho prøver å trenera saka. Venstre har elles alltid vore lunken til Hardangerbrua, seier fylkesordføraren.

For ei veke sidan var representantar for brustyret i møte med KrF sine folk i samferdselsnemnda for å oppdatera dei, og like før årsskiftet vart nestleiaren i KrF, miljøvernminister Knut Arild Hareide, grundig orientert om bruprosjektet.

Brustyret set elles si von til at den parlamentariske leiaren i KrF, Jon Lilletun - som sjølv er for vossing å rekna - vil leggja breisida til for å få det nødvendige vedtaket i vår. Også Odd Holten, som sit i samferdselsnemnda, har lenge ivra sterkt for at brua skal bli bygt.

KrF-kvinner på bakbeina

— Problemet er statsrådane Valgerd Svarstad Haugland og Hilde Frafjord Johnson som av uforklarlege grunnar har sett seg på bakbeina. Det er spesielt Valgerd som har skuffa oss, både fordi vi ikkje har fått henne i tale og fordi ho ikkje har gitt noko argument for å gå imot brua, seier Tolaas som har site i fylkestinget og dessutan har vore medlem av formannskapet på Voss.

fakta/ Hardangerbru

Den nye striden om brua gjeld eit brev frå Samferdselsdepartementet, datert 1. februar i år, der ein ber om nye konsekvensutgreiingar, m.a. for vegnettet mot Setesdalen, Odda og Voss. Departementet vil dessutan vita om trafikkprognosane er realistiske, og ber om ny kvalitetssikring.