Opptil 25.000 statlege kroner kan utbyggjarar av småkraftverk få i støtte frå Fylkesmannen i Hordaland, som har eit uttalt ønskje om å vere pådrivar og medspelar i slike utbyggingssaker. Samtidig er Fylkesmannen kontroll— og høyringsinstans i desse sakene.

Meir enn 300 søknader om småkraftverk ligg no i behandlingskøen hjå NVE sentralt, og mange fleire er på veg.

- Misjonerer for utbygging

— Vi kan ikkje forstå at miljøvernministeren kan sitje roleg å sjå på at ein statleg instans opptrer som medhjelpar og heiagjeng for den massive og uplanlagde naturøydelegginga som går føre seg, seier Ingar Flatlandsmo, leiar i Naturvernforbundet i Hordaland.

I går sende Flatlandsmo, saman med Bergen Turlag og Hordaland Jeger- og Fiskerforbund, brev til miljøvernminister Helen Bjørnøy. Der ber dei henne om å syte for at Fylkesmannens «Prosjekt småkraft» blir lagt ned snarast råd, og at subsidieringa av privat småkraftutbygging blir stansa.

I brevet skriv dei at folk frå Fylkesmannen i Hordaland «reiser rundt i fylket og promoterer ideen om småkraftverk, og driver noe som likner misjoneringsvirksomhet og vekkelsesmøter for småkraft».

— Det er heilt uforståeleg for oss at Fylkesmannen kan halde på med dette, seier Flatlandsmo.

— Dette er ikkje å drive bygdeutvikling. Det er å skyte seg i foten.

Støtte til utgreiing

I brevet etterlyser organisasjonane ein overordna plan for småkraftutbygging. Dei skriv dessutan at «Prosjekt Småkraft» er i strid med regjeringas eiga Soria Moria-erklæring på dette punktet.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Fylkesmannen og Innovasjon Norge, og skal vere ei støtte til å gjennomføre dei pålagde utgreiingane i forkant av ei utbygging av kraftverk.

— Tanken bak prosjektet er å gje bonden eller grunneigaren høve til å få inntekter av eigne vasskraftressursar, og at verdiskapinga skal komme bygdene til gode, seier rådgjevar Anders Stub på landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Stub meiner det kan forsvarast at Fylkesmannens landbruksavdeling oppmuntrar til og støttar småkraftutbygging. Han ser ikkje problemet i at Fylkesmannen samstundes skal vere ein instans som skal utføre kontroll, tilsyn og klagebehandling i slike saker.

— Da går jo sakene til miljøavdelinga, seier Anders Stub.

Diskutert internt

Likevel vedgår han at denne problematikken har vore lufta internt:

— Vi har jo hatt diverse diskusjonar rundt akkurat dette, seier han.

Stub opplyser at dei så langt har marknadsført «Prosjekt småkraft» på opne møter i Skånevik, Matre og Kvam.

Det er dette dei tre organisasjonane kallar for «misjoneringsvirksomhet og vekkelsesmøter for småkraft» i sitt brev til miljøvernministeren.

Vidare hevdar dei i brevet at støtta frå Fylkesmannen uansett ikkje er nok til å gjere ei forsvarleg miljøutgreiing for kvart prosjekt. Dei meiner ei miljøundersøking minimum bør koste 50.000 kroner.

Vidare er organisasjonane uroa for at så mange småkraftverk skal byggjast utan at sakene blir sett i samanheng med kvarandre.

— Søknadene om utbygging bør setjast på vent inntil fylkesplanane er ferdige, skriv dei i brevet.

ROPAR PÅ BJØRNØY: Miljøorganisasjonane krev at miljøvernministeren stoppar pengestøtta til folk som vil byggje ut småkraft i Hordaland.