For eit halvt år sidan sat Bente Bjørndal Corneliussen (49) i rullestol. ME-pasienten tolte ikkje lyd, ikkje eingong av koppar som klirra. Dei tre tenåringane i huset måtte bruke høyretelefonar, når dei såg TV eller høyrde musikk.

Mora måtte ha hjelp til å dusje, pusse tennene og klarte knapt å ete sjølv. Ho, som hadde vore aktiv orienteringsløpar i over tretti år, låg stort sett på eit mørkt soverom med dyna over hovudet.

Så ringjer telefonen.

Ein kjenning fortel om ein ME-pasient som er blitt frisk etter eit kurs i England, og spør:

— Kunne det vere noko for deg?

Les også: - Lett å bli kvitt ME

Jungeltelegraf

Treningsprogrammet Lightning process er blitt ein «snakkis» blant norske ME-pasientar. I løpet av tre intensive kursdagar skal deltakarane lære mentale teknikkar for å bryte gamle tankemønstre, og dermed bli kvitt sjukdommen.

Jungeltelegrafen går om utrulege resultat, og mange reiser til England for å prøve sjølve. Berre sidan april i år har The Phil Parker Training Institute i London halde kurs for over 700 personar. 63 prosent av dei var nordmenn.

Bergens Tidende har snakka med ei rekkje vestlendingar, som alle har gått på kurs. Historiene er til forveksling like. Alle var svært sjuke, då dei tok kurset. Nokre hadde diagnosen ME (kronisk utmattingssyndrom), andre ME-liknande symptom. Og alle seier at dei merka stor forskjell alt etter første kursdag.

Les også: Effektivt, ifølge norske fagfolk

Gjekk fire kilometer

Då Corneliussen reiste til London like før jul i fjor, måtte mannen bli med.

— Eg var så sjuk at eg var totalt hjelpelaus. Eg låg i drosjen, eg låg på flyet og den første kursdagen hadde eg store problem med å sitje på stolen og konsentrere meg.

Då ekteparet kom tilbake til rommet den kvelden, var ho så sliten at ho berre grein og grein. Til slutt sa mannen: «Det var ikkje dette du lærte i dag!»

— Då tok eg meg saman, og prøvde å ta i bruk teknikken vi hadde lært. Og jammen skjedde det noko! Eg stoppa å grine, og klarte å tenkje konstruktivt.

Neste dag kunne ho delta aktivt på kurset, og gjekk same ettermiddag 500 meter for å køyre buss tilbake. Etterpå tok ho toget, shoppa, og kom megasliten og stolt tilbake. Den siste kursdagen gjekk Corneliussen fire kilometer.

— Eg, som knapt hadde gått ein meter på halvtanna år!

Reknar seg som frisk

Det første ekteparet gjorde då dei kom heim, var å levere rullestolen tilbake til Hjelpemiddelsentralen.

— Er du blitt kvitt ME?

— Ja, eg reknar meg som frisk i dag.

— Vil du seie at det var enkelt?

— Nei, eg vil seie at det er knallhardt arbeid. Som dei fleste andre har eg brukt lang tid etterpå til å trene opp igjen energi, kapasitet og muskulatur. Etter eit og eit halvt år til sengs, kan ein ikkje vente at kroppen er tilbake med ein gong.

— Men eg synest det er fantastisk å ha kome så langt som i dag, og er utruleg takksam for å få ta del i livet igjen.

— Kan du forklare kva som skjedde med deg på kurset?

— Eg skjønnar ikkje hundre prosent kva som har skjedd, men ser at det verkar. Du lærer den friske delen av hjernen til å trene opp igjen den delen som har vore ute av drift. Men du må vere motivert for å bli frisk. Du må ville bli frisk.

Laurdag sprang Corneliussen orienteringsløp på Søfteland. Neste helg skal ho og mannen gå til fjells for å plukke blåbær.

For godt til å vere sant? Diskutèr saka her!

Valde, Vegar