– Etter råd frå politiet held vi heile stasjonen stengd natt til søndag. Årsaka er tryggleiken til dei tilsette og kundane, seier informasjonssjef Jacob Olsbø.

Shell har mål om at alle deira bensinstasjonar skal vere døgnopne. Førde er einaste staden i landet dei ikkje greier det.

Informasjonssjefen fortel til Firda om det han kallar ville tilstandar: Fulle ungdomar røykjer ved bensinpumpene. Mange som kjem frå utestadene er aggressive og truande.

Oljeselskapet vil no samarbeide med politiet og kommunen for å finne ei løysing. Olsbø meiner fleire overvakingskamera og ekstra lyssetjing kan hjelpe. Men han vil også mobilisere foreldra.

– Vi har hatt liknande problem andre stader. Vi håpar det skal løyse seg i Førde også.