PER MARIFJÆRENper.marifjaeren@bergens-tidende.no

Dei to Os-ungdommane utviste i går ettermiddag ein sjeldan kombinasjon av personlege eigenskapar. Først kunne ein kombinasjon av toskeskap og tankeløyse ha kosta dei dyrt, deretter berga dei sjølv situasjonen med kaldblodig handlekraft.

Ein liten, våt flekk Skulegutane på 16 og 17 år har kveldsjobb, og skulle skaffe drivstoff til ein truck i eit lageranlegg på industriområdet Kolskogen i Os.

Vel tilbake i lagerbygget etter turen til bensinstasjonen, kom ungdommane i stuss korvidt det var bensin eller diesel dei hadde fyllt på den medbrakte kanna.

Til politiet forklara gutane i går kveld at dei tømte litt av drivstoffet ut på betonggolvet, berre ein liten våt flekk. Kanna skal dei så ha plassert fem-seks meter unna, utan å skru på lokket.

Gjennom å sjå på korleis den våte flekken brann, håpa gutane å avsløre kva type drivstoff dette dreidde seg om.

Dermed sette dei lighter-flammen borti den vesle flekken.

Det var bensin, 98 oktan.

Stikkflamme – Det som skjer i same augneblink, er at bensingassen i rommet tenner, fortel lensmannsbetjent Jan Bredo Andersen i Os. – Stikkflammen slår ned i den åpne kanna, som veltar av trykket. Dermed flommar bensinen utover betonggolvet, og flammane slår oppover ein vegg.

Utruleg nok pådrog ingen av dei to seg brannskader i den eksplosjonsarta brannen. Politiet meiner at dei store, opne lokala har dempa effekten av bensnbrannen.

– Inntil dette punktet kan vi vel seie at gutane ikkje hadde hovudet heilt med seg. Men når skaden først har skjedd, så handla gutane svært fornuftig og snarrådig, seier Bredo Andersen.

Brannvesen i retur For ungdommane startar med å varsle brannvesenet. Deretter går dei i gang med å sløkke, og klarer det. Heilt på eiga hand.

– Dei fekk henta ein slange, i tillegg til at dei opna ein vasskran i lokalet. Dermed kunne dei sende brannkorpset på retur før det hadde nådd fram.

Lensmannsbetjenten vurderer det som utruleg flaks at dei kom uskadde frå dramaet.

– Bensingassen tok av som ei eldkule. Dei fekk seg ein skikkeleg støkk, og kunne etterpå riste på hovudet over sin eigen opptreden.

Branntilløpet medførte en del vann og røyk i lokala, men politiet kunne i går ikkje seie om dei materielle skadene er omfattande. Saka blir no etterforska på vanleg måte.