Dagen starta ikkje heilt som den skulle for tobarnsmora Stine Haugland i går. Etter å ha festa borna sine Benjamin (3 1/2) og Natalie (2) godt i bilstolane for å køyra til barnehagen, oppdaga ho til sin store skrekk at førardøra var låst då ho skulle setja seg inn i bilen. Det var alle dei andre bildørene også, og bilnøklane låg på førarsetet. Reservenøklar hadde ho ikkje.

– Eg vart verkeleg engsteleg. Særleg då Natalie også byrja å grina, og eg ikkje kunne nå henne, fortel Haugland.

Nådde ikkje utløysaren – Kva skjedde?

– Eg heldt på å festa Natalie i bilsetet, då nøklane eg hadde i handa kom i vegen. Desse heiv eg då frå meg framover i førarsetet, og må ha komme borti lås-knappen på eit eller anna vis, fortel bilføraren. Haugland har sentrallås, som gjer at dørene kan låsast sjølv om dei er opne, og blir då låste når døra vert lukka etterpå.

– Kva tenkte du så?

– Eg vart stressa kan ein mildt sagt seia, og prøvde på alle slags moglege måtar å få Benjamin til å løyse setebeltet sitt. Dette var sjølvsagt godt festa, og utløysaren var ikkje til å nå. Så kom eg på at han kanskje kunne lirka seg ut av selen ved å åla seg oppetter setet. Han prøvde, men fekk heller ikkje det til, fortel tobarnsmora.

Premie Tanken var så å ringa Falken, men ein lovnad om stor premie fekk likevel fram litt ekstra innsatsvilje hjå treåringen.

– Du skal få ein premie om du klarar det, prøvde eg meg. Benjamin sette alle klutar til, spente av seg skoa, fekk lirka seg ut av selen, henta bilnøklane på førarsetet, og trykte på rett knapp. For nøkkelen veit han korleis verkar, fortel Haugland, som var svært letta då bildørene var opne att.

– Så no vert det flott premie på Benjamin?

– Å ja. Det kan du tru. Han vart helt han i dag, sluttar Haugland, og legg til:

– Heile seansen tok om lag berre ti minuttar, men det var ti grufulle minuttar.