Det er ein ny samarbeidsavtale som gir brannmannskapa tilgang til to svenske beltevogner, av typen Hägglund 206. Dei kan frakte 16 passasjerar pluss store mengder tungt utstyr.

Vognene skal stasjonerast ved Ulven leir, og på kort varsel setjast inn under skogbrannar og andre aksjonar der det er bruk for slikt utstyr.

— Dei kan lastast over på lastebilar og fraktast over heile Vestlandet, seier brannsjef Stein Gjøsund i Os kommune, som i går inviterte pressa til ein demonstrasjon av utstyret.

- Alfa og omega

Det er spesielt ved skogbrannar langt frå veg at brannvesenet har behov for å få ut mannskap og utstyr på denne måten.

— Å få ut friskt mannskap raskt er alfa og omega. Skal dei gå ein time før dei kjem fram, er dei utslitne før vi kjem i gang, seier lensmann Rasmus Dalen i Os.

Vognene er produsert midt på 80-talet, og blir vinterstid brukt til øving på Voss.

— Seinast under skogbrannane i påska i fjor hadde vi bruk for slik utstyr, seier brannsjef Gjøsund.

Går på vatnet

Dei to vognene har glasfiberkarosseri, og kan også gå over ope vatn.

Både brannvesen og politi vil ha oversikt over kvar vognene kan setjast inn. Bruken skal i kvart tilfelle formelt godkjennast av forsvaret, som ifølgje Gjøsund vil få ein «symbolsk sum» for kvar innsats.

— Dette handlar om å samordne satsinga på sivil beredskap, og samle ressursane. Det skulle også berre mangle at dette blir gjort. Pengane kjem jo til sjuande og sist frå den same kassa, seier Gjøsund.

BETRE RUSTA: Med slike svenske vogner skal brannfolk og utstyr kunne fraktast ut i ulendt terreng på kort varsel. - Dette handlar om å samle ressursane, seier brannsjef Svein Gjøsund i Os.