Det er Høgsterett som sjølv har teke denne avgjerda, skriv NRK Sogn og Fjordane.

— Vi hadde kanskje ikkje så stort håp, men denne saka var så viktig at vi ikkje kunne gjere anna enn å prøve, seier familien Beliks talsmann, advokat Sjur Vinje.

Dei to tenåringsjentene kjem frå Moldova og har budd i Aurland sidan dei kom til Norge i 2003. Dei har fått avslag om opphald og har tapt saka si både i tingretten og lagmannsretten.

— Dette er eit endeleg avslag, men det er også andre ting ein kan gjere utan at eg kan gå inn på det no. Vi kjem til å halde fram å arbeide med denne saka, seier Vinje.

Han veit ikkje når jentene eventuelt må ut av Norge.