Inntil åtte innleigde helsearbeidarar frå vikarbyrået Adecco arbeider no i Stord kommune, ifølgje Fagforbundet.

— Vi jobbar no med å nøsta opp i kor dei jobbar og kontrollera kva løn dei har, seier Magne Erstad, hovudtillitsvald i Fagforbundet i Stord kommune.

Så langt har dei kjennskap til at det skal dreia seg om utdanna sjukepleiarar som i påvente av norskopplæring jobbar som helsefagarbeidarar i heimebaserte tenester, sjukeheim og rehabilitering.

— Vi likar ikkje at dei bruker vikarar, men dersom det er slik at kommunen over tid har lyst ut stillingar utan å få napp, er jo dette ei naudløysing. Vårt ønskje er at dei skal verta fast tilsette, seier Erstad.

- Grunn til å vera bekymra

Stord SV har i dag send interpellasjon til formannskapet og krev klart svar frå ordføraren på kvifor kommunen vel å leiga inn vikarar frå Adecco.

— Stord SV vil vera ein garantist for godt arbeidsmiljø. Erfaringar frå andre stader i landet, tyder på at me har grunn til å vera bekymra, seier Signe Ekeland, ordførarkandidat og leiar av Stord SV.

I interpellasjonen blir det vist til avsløringar i media den siste veka om at utanlandske sjukepleiarar må kjøpa seg norskkurs for 50.000 kroner og betala administrasjonsgebyr på 25.000 kroner før dei kan byrja å arbeida for Adecco. Låg timeløn og ulovleg overtid har òg vore tema.

Sjekkar alle

Ifølgje Erstad i Fagforbundet skal Adecco forhalda seg til ILO-avtalen (International Labour Organization).

— Det betyr at vikarane skal ha same løns- og arbeidsvilkår som i offentleg helsevesen.

Då bt.no snakka med han i formiddag, hadde han fått tilbakemelding frå to av vikarane. Den eine hadde fått løn i samsvar med ansiennitet. Den andre langt lågare timeløn enn forventa.

— Dagen går med til å sjekka ut desse sakene. Me skal kontrollera at alle får det dei har krav på, seier Erstad.

Har varsla leiarane

Korkje ordførar eller rådmann i Stord kommune var tilgjengeleg for svar, men personalsjef Tore Tveit stadfestar at Stord kommune har avtale om innleige av personell frå Adecco saman med nabokommunane Tysnes og Fitjar.

— Me har ein veldig detaljert og grundig avtale med Adecco der me får leiga inn helsepersonell. Adecco har forplikta seg til å følgja både tariff- og norsk arbeidsmiljølov. Dersom det blir avdekt brot på avtalen, vil me sjølvsagt kunne sei opp avtalen, seier Tveit.

Så langt har han ikkje fått signal om at vikarane blir handsama ulikt med fast tilsette. Han har likevel funne grunn til å varsla leiarane ute i einingane om at vikarar ikkje må arbeida lengre vaktar enn loven tilseier.

- Unge spreke og motiverte

— Me ser at dei ofte har lyst til å jobba meir. Dei er unge, motiverte og spreke og vil tena pengar. Eg kan ikkje sitja her og påstå at ingen av dei har jobba lengre vaktar enn lov, seier Tveit.

Stord kommune har over tid slite med rekruttering av helsepersonell til feriar og høgtidar, og har difor sett seg nøydd til å bruka vikarbyrå, ifølgje Tveit.

Adecco Haugesund og Stord viser til informasjonssjef Anne-Stine Talseth:

— Vi går gjerne i dialog med Fagforbundet. Vi vil også oversende all dokumentasjon som etterspørres av Arbeidstilsynet eller andre offentlige instanser der de ønsker det. Vi gjennomfører både en intern og ekstern granskning i forhold til lønns- og arbeidsforhold, sier Talseth.