Fleire kvinner har teke kontakt med BT dei siste dagane, med sterk kritikk av teleselskapet.

— Dei er ikkje alltid så hyggelege. Dei kan vera temmeleg på kanten og ufyselege, skriv Sandra Reeves i ein e-post til BT, relatert til dei siste to dagars sak om krybbedødtelefonane.

— Mange reagerer på spydige oppringingar, supplerer Kathrine Larsen - også ho på e-post.

Legg seg flat

Dagleg leiar Thomas Franzen i Norsk Telekompetanse er ikkje sein om å krypa til korset.

— Dette skal ikkje skje, og me beklagar sjølvsagt episodane på det sterkaste.

Han stadfestar at han har telefonseljarar i rekkjene som ikkje alltid følgjer reglane som ligg i botn for callcenteret si verksemd.

— Det er svært viktig at seljarar som ringer på vegner av Landsforeningen uventet barnedød er varsame. Dette har dei fått spesialopplæring i forhold til. Likevel har me hatt periodar med altfor mange klager. Men me har eit godt utvikla system til å fanga opp uønska episodar - blant anna ein servicetelefon. Ufine seljarar vert raskt konfronterte, og bedne om å forklara seg, seier Franzen.

Gjer millionbutikk

Norsk Telekompetanse har hovudkontor i Kristiansand, og i tillegg avdelingskontor i Mandal, Birkeland og Gjedrum. Callcenteret vart etablert i 1989. I dag har selskapet 400 tilsette og ein omsetnad på 80 millionar kroner årleg.

I tillegg til Landsforeningen uventet barnedød har dei følgjande humanitære organisasjonar i porteføljen sin: Flyktninghjelpen, Norsk Folkehjelp, Sjømannskirken, Kunnskapsforlaget, Lotteriet Strax og Motorførernes Avholdsforbund.

— Grovt rekna så bokfører me rundt 100.000 gjennomførte samtalar per veke, opplyser Thomas Franzen.