Sogn tingrett avgjorde i går at fylkeskommunen ikkje får skrive kontakt med Fjord1 Fylkesbaatane før ein endeleg og rettskraftig dom avgjer om kontraktsfordelinga er lovleg.

Dermed må heile snøggbåtavtalen førebels leggjast til kai. Planen var at den skulle signerast i dag.

Tide Sjø fekk medhald i at det blei gjort mange feil då fylkeskommunen gav Fjord1 kontrakten på snøggbåtrutene mellom Bergen og Sogn og Fjordane.

Dermed har det blåse opp til storm i kampen om vestlandsfjordane.

Uryddig prosess

Retten fastslår at fylkeskommunen har gjort store og alvorlege feil, og at det difor er sannsynleg at tildelinga av kontrakten til Fjord1 er ulovleg.

«Fylkeskommunen sin framgangsmåte i handsaminga av silings— og tildelingskriterium har vore så uryddig og uklar at det har skapt monaleg tvil om kva for kriterium som gjaldt», heiter det i rettsavgjerda.

— Vi ser heilt klart at vi skulle ha vore meir ryddige i forhold til konkurranseforma, og at det har blitt gjort feil som vi beklagar, seier fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane, Jan Øhlckers.

Burde ha avlyst

Ifølgje fylkeskommunen var det eit mistak at Tide Sjø fekk forhandle om kontrakten. På grunnlag av silingskriteria i konkurransegrunnlaget skulle Tide ha vore ute av spelet, og Fjord1 gått vidare til forhandlingar aleine.

Dette har ikkje fylkeskommunen høve til, og allereie her skulle konkurransen ha vore avlyst på grunn av ulovlege silingskriterium, meiner retten.

— Vi forstår at vi burde ha avlyst på dette tidspunktet, seier Øhlckers.

— Kva vil de gjere no?

— No må vi gå gjennom dommen og vurdere om vi bør avlyse heile konkurransen, seier rådmannen.

Adm. direktør i Tide Sjø, Geir Aga, vil heller ikkje akseptere ei avlysing av konkurransen utan vidare.

— Vi meiner at kontrakten bør tildelast Tide som hadde den lågaste prisen, seier Aga.

Vurderer søksmål

Fylkeskommunen risikerer også å bli saksøkt av sitt eige selskap. Fjord1 har tidlegare varsla at dei vil forfølgje saka juridisk, dersom kontrakten ikkje blir tildelt i tråd med avtalen som blei forhandla fram før jul.

Stig Kristoffersen, adm. direktør i Fjord1 Fylkesbaatane, seier at selskapet vil ta stilling til kva dei skal gjere når saka er endeleg avslutta.

— Vi meiner at rettsavgjerda er feil og føreset at fylkeskommunen vil ta saka vidare i ein høgare rett. Vårt standpunkt er at fylkeskommunen må tildele kontrakten til Fjord1 Fylkesbaatane, seier Kristoffersen.

Kva synest du om hurtigbåtkrangelen? Sei di meining her .

VANN FRAM: Tide vann ein solid siger over fylkeskommunen om snøggbåtrutene mellom Bergen og Sogn og Fjordane. ARKIVFOTO: TOR HØVIK
TOR HØVIK (ARKIV)