— Som prosjektleiar beklagar eg overfor kommunestyret den smellen som er påført kommunen. Eg beklagar også overfor innbyggjarane i kommunen, sa ein tydeleg prega Hjelle.

Han sa seg også lei for at dei mange som gjorde ein fantastisk innsats som frivillige medhjelparar, har følt tida etter at kjempeunderskotet kom for ein dag som sår og vanskeleg. Det hadde dei ikkej fortent.

— Heller ikkje for meg har dette siste året vore lett. Men eg har aldri prøvd å skubbe ansvaret frå meg. Eg har prøvd å gå med rak rygg gjennom gata, sjølv om eg veit at eg er blitt baksnakka, sa prosjektleiaren.

Tall Ships’ Races, som Hjelle var prosjektleiar for, gjekk med 15, 8 millionar kroner i minus. Innbyggjarane i kommunen må betale underskotet over skattesetelen fordi kommunen garanterte for økonomien i prosjektet.

Ekstraordinært

Ordførar Roger B. Silden opna møtet klokka 12. Det er venta at det ekstraordinære møtet i kommunestyret, som har form av ei offentleg høyring.

Møtet starta med ein gjennomgang av forvaltningsrevisjonen som eit frittståande firma har gjort. I denne får rådmann Ørjan Raknes Forthun sterk kritikk, mellom anna basert på at det er rådmannen ansvar å gjennomføre vedtak innanfor dei økonomiske rammer politikarane vedtek.

Eit av dei punkta rådmannen får kritikk for er at han aldri la fram for kommunestyret ein budsjettauke frå 11,8 til 20,3 millionar. Seinare auka kostnadene til kring 30 millionar.

Noko av det mest spennande med dagens møte er at prosjektleiar Helge Hjelle for første gong skal snakke om tilskipinga som enda i økonomisk fiasko. Som prosjektleiar var det Hjelle som i praksis styrte arrangementet.

Sidan siste skuta heiste segl i Måløy hamn i fjor sommar, har Hjelle vore taus om den økonomiske fadesen.

— Hyrte kjendisvener

Prosjektleiaren har heile tida sagt at han først vil kommentere saka når ho kjem til kommunestyret. Ei rekkje av spørsmåla dei folkevalde har meldt inn på førehand, går på Hjelles rolle og vurderingar av arrangementet han tok initiativ til å få til Måløy, og som han leia gjennomføringa av. Kommunestyret vil ha svar på prosjektleiarens habilitet i kontraktar som blei inngått med Alf Tande-Petersen og Øystein Wiik.

Som kunstnarisk ansvarleg var songaren og skodespelaren Øystein Wiik svært sentral under opningsseremonien i Måløy sentrum.

Hjelle skal i si tid ha hatt eit eige firma saman med den kjende tenoren. Selskapet stod som arrangør av konsertar der Wiik opptredde i Måløy.

— Det har vore fleire slike tilskipingar. Flest under Måløy- dagane, men også i samband med eit arrangement som heitte Skalldyrfestivalen. Helge Hjelle hadde ansvaret for begge, seier Oldeide.

DVD og bok Fjernsynskjendisen Tande-Petersen blei engasjert for å lage ein dokumentar på DVD om arrangementet. I tida før Tall Ships' samarbeidde dei om boka om Måløyraidet, ei av dei mest dramatiske hendingane under siste verdskrig. Boka blei lansert før jul i 2007.

Hjelle og Tande-P. har kjent kvarandre i 15 år, og Hjelle har fleire gonger henta den profilerte programleiaren, forfattaren og journalisten til Måløydagane.

Oldeide vil vite kven som forhandla fram avtalane med dei to kjendisane.

— Kontrakten med Alf Tande-Petersen er signert av Helge Hjelle. Avtalen med Wiik har vi ikkje funne. Einaste dokumentasjonen vi har sett så langt, er eit referat frå eit møte i organisasjonskomiteen. Her orienterer Hjelle om ein storslått opningsseremoni der han sjølv og Wiik skal vere hovudpersonane.

Dobbelt så dyr Opningsseremonien kosta nær 500.000 kroner og blei dobbelt så dyr som planlagt. Sals-DVD-en Tande-Petersen skulle lage, enda i full strid. Tande-P blei fjerna frå prosjektet, og kommunen måtte ut med 190.000 kroner for å kome til forlik. Striden er framleis ikkje slutt.

I eit intervju med Kommune-revisjonen i Nordfjord som ligg ved sakspapira til dagens møte i kommunestyret, har Hjelle understreka at det var organisasjonskomiteen som avgjorde å engasjere Tande-P. Avtalen med Wiik ser ikkje ut til å ha vore tema.

Alf Tande-Petersen seier til Bergens Tidende at det var Hjelle som forhandla avtalane både med han sjølv og Wiik.

— Inntrykket eg sat med var at dette var klarert i organisasjonskomiteen, i alle fall i mitt tilfelle. Det gjorde at eg der og då ikkje tenkte på at det kunne vere eit habilitetsproblem.