– Det er ufatteleg kor store masser små bekkar kan klare å dra meg seg, seier Svein Helge Frækaland. Geologen ved regionkontoret til Statens vegvesen i Leikanger har nettopp synfare fire rasstader langs Årdalsfjorden frå helikopter. Han er både audmjuk og imponert over naturens herjingar:

– Dei fire skreda er ganske like. I små elvefar har det utvikla seg store ras. Fleire stader er det reinska like til svaberget, seier Frækaland.

Steinar store som bilar Raset som har gjort størst skade har gått omtrent midtvegs mellom ferjeleiet på Fodnes og Årdalstangen. Nokre kilometer frå bygda Naddvik er riksvegen vekke i ei lengde på 30 meter. Like ved ligg Timreskredtunnelen. Namnet ber bod om at her har det gått ras før.

Dei enorme vassmengdene har ført med seg steinar store som bilar. Det einaste som er att av vegen er nokre asfaltflak som ligg som flate heller nede i det djupe elvefaret. Autovernet er rykt opp i sikkert hundre meter lengde. Forvridd heng det frå det som ein gong var ein vegkant og ned i fjorden.

I dag startar arbeidet med å rydde vegen. Kor tid det kan køyre bilar forbi rasstaden er uvisst.

– Dette blir eit omfattande arbeid. Kanskje kan vi lage ein provisorisk veg ved å gå inn i terrenget. Men berre det vil nok ta i alle fall tre-fire dagar, meiner Frekaland.

Knuste rassikringa Av dei fire store rasa som i går sperra riksveg 53, er skredet ved Naustbukttunnelen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal rydda. Her la skredet eit nyoppført rasgjerde fullstendig flatt. Gjerdet som skulle sikre mot ras er knust. Dei 2000 innbyggjarane på Årdalstangen hadde vore utan vegsamband i over eitt døgn då trafikken blei sleppt forbi.

Inntil vidare held vegvesenet det likevel nattestengt ved rasstaden. Stengt blir det osså når skredfaret skal spylast med vatn frå helikopter for å få ned lausmassar og steinblokker som ligg igjen og utgjer fare.

Vegopninga mellom dei to tettstadene i Årdal i går ettermiddag, gjorde også at produksjonen ved Hydros aluminiumverk i Øvre Årdal kunne halde fram som vanleg. Metallverket er avhenging av råstoffleveransar frå Årdalstangen. Hadde vegstenginga vart særleg lenger, kunne aluminiumsproduksjonen blitt råka.

Ut av isolasjonen

Med opninga i Årdal i går ettermiddag var flesteparten av dei rundt 10.000 som blei veglause då storregnet slo til i Sogn og Fjordane måndag ute av isolasjonen. Men folk i bygda Naddvik er framleis utan vegsamband. I tillegg til raset som har skola riksvegen ut i fjorden vest om Naddvik, stengjer altså to ras vegen aust om bygda. Går alt etter planen blir vegen inn til Årdalstangen opna i dag.

I går morgon blei det sett inn hurtiggåande passasjerbåt på Årdalsfjorden. Og i går ettermiddag blei det også sett opp ferje mellom Årdalstangen og Fodnes.

ODDLEIV APNESETH